Hopp til innhold

Har brukt 600.000 kroner på katten Cy – no tar dei saka til Høgsterett

Mattilsynet ville avliva katten. Dyrebeskyttelsen har brukt store summar på å redda livet hans, og krev at staten tar rekninga.

Katten Cy

DYRT DYR: Den kypriotiske katten Cy har utløyst ei skikkeleg kattepine for Dyrebeskyttelsen, Mattilsynet, lagmannsretten og no kanskje Høgsterett.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Pusen Cy må vel vera landets dyraste vanlege huskatt. Han er alt anna enn ein eksklusiv rasekatt med rik matmor og skyhøge veterinærutgifter. Men kostbar har han blitt, uansett.

Mattilsynet mener at katten i 2021 kom til Noreg frå Kypros – på engelsk, Cyprus. Derav namnet Cy, som altså skal uttalast «Sai». Men han kom som blindpassasjer på ei skip.

Sidan har Dyrebeskyttelsen brukt over 600.000 kroner i advokatutgifter for at Mattilsynet ikkje skulle avliva han.

Styreleiar Inger Johanne Graff og dagleg leiar Charlotte Graff i Dyrebeskyttelsen i Bergen synest Cy er verd kvar einaste krone.

– Dette er ei veldig spesiell sak. Me gjer dette også for å gje rettferd for dyr som kjem i tilsvarande situasjon, seier styreleiaren.

– Rett i avlivingsboksen

I tråd med EØS-reglar skal eigarlause kattar avlivast når dei kryssar landegrenser.

Det ville ikkje Dyrebeskyttelsen ha noko av.

– Slike kattar blir berre sende rett i avlivingsboksen til Mattilsynet! Fordi det kan vera fare for smitte. Det er det ordet dei brukar: «fare for», seier styreleiaren indignert.

Dei sår også tvil om katten faktisk kom frå Kypros.

Ho seier advokatutgiftene for å redda Cy er finansiert av personar som har støtta aksjonen deira via Facebook. Ho meiner dette er ei prinsippsak.

– Det å investera i dette er vel anvende pengar, med tanke på å skapa presedens for å opna lovverket, seier ho.

Charlotte Graff, dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen (t.v.) og styreleiar i Dyrebeskyttelsen, Inger Johanne Graff

Leiarane Charlotte og Inger Johanne Graff i Dyrebeskyttelsen i Bergen kjempar for at Cy skal få leva.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Tilbake til Kypros?

Men nyleg tok saka ei uventa vending: Mattilsynet gjekk vekk frå avlivingsvedtaket.

Grunnen var at styremaktene på Kypros opna opp for at Cy kunne bli send til middelhavsøya, uavhengig av opphavsland.

Alt det veit han sjølv ingenting om, der han ligg på sofaen mellom mor og dotter Graff. Og dei vil ikkje senda han vekk.

– Me skal gjera alt me kan for at han skal bli verande her i landet, seier den daglege leiaren.

Ho klør Cy under haka.

– Sant du er bergensar no? seier ho mildt.

Cy går til Høgsterett

Sjølv om Mattilsynet har «oppheva avlivings- eller utvisingsvedtaket», er ikkje Dyrebeskyttelsen ferdig med saka. No har dei gått rettens veg for å få staten til å dekka dei 600.000 kronene.

Men den kampen tapte dei i lagmannsretten, skriv BT.

– Uansett har me vel no bestemt oss for at me ankar dommen til Høgsterett, seier styreleiar Graff.

– Utan tvil. Og me hadde gjort det same ein gong til. Så pass er dyra våre verd, repliserer dagleg leiar Graff.

Cy plirer med auga.

– Han kosar seg her. Sant du gjer det, vennen?

– Jaaa... seier styreleiaren medan Cy ser på henne og hevar augebryna.