Hopp til innhold

Har brukt alle sparepengane sine på å samle plast – no gir han opp

FLORØ (NRK): I to år har Børje Møster budd i ein båt og brukt all si tid på å samle plasten som forsøplar hava våre. No gir han opp, og sel båten sin.

Børge Møster i Florø

BLAKK: Børje Møster er blakk, og må selje båten han har brukt til å plukke plast i havet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg har brukt ein halv million kroner av mine eigne sparepengar på dette prosjektet, og no er eg blakk, seier Møster.

Prosjektet han pratar om er å segle langs norskekysten frå Oslo til Tromsø og samle plast som ligg i havet og på strendene våre.

Saman med andre frivillige har Møster brukt to år av livet sitt på denne dugnaden, og båten deira har i løpet av denne tida samla inn meir enn 95 tonn med plast.

– Det har vore ein suksess, og vi har blitt gode på å lese kart og vite kor plasten ligg. Likevel kostar det mykje pengar, myndigheitene reknar ikkje med at mat, diesel og reparasjonar kostar pengar, men det gjer det, seier Møster.

No har han lagt båten ut for sal, og dagane som plastsamlar er over for hans del. Han er irritert over kor lite støtte han har fått frå myndigheitene for å halde på med arbeidet sitt, og meiner at det er grunnen til at det ikkje blir rydda meir plast.

Meiner det er viktigare å få andre land til å pante

Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet tykkjer det er veldig bra at Børje Møster og andre frivillige brukar tida på å rydde plast, men meiner at det faktisk ikkje er det viktigaste.

– Dei pengane vi brukar internasjonalt har endå meir effekt. Det er veldig lite norsk plast i havet og på strendene, det kjem ifrå land som ikkje har like gode ordningar for resirkulering av plast som det vi har. Å til dømes få på plass panting av flasker i andre land er veldig viktig.

Atle Hamar, statssekretær i Klima- og miljødepartementet

VIKTIG MED INTERNASJONALT ARBEID: Atle Hamar i Klima og miljødepartementet meiner det viktigaste er å jobbe for at andre land får på plass betre ordningar for resirkulering av plast.

Foto: Snorre Tønset / Klima og miljødepartementet

Likevel understrekar Hamar at det blir brukt pengar på å støtte plastrydding.

– Regjeringa brukar mykje pengar på å overvinne marin forsøpling også i Noreg, og vi deler ut meir pengar til tiltak for å rydde plast kvart einaste år, seier Hamar.

For Børje Møster er det likevel ikkje nok.

– Regjeringa baserer seg for mykje på idrettslag og skuleklassar. Det som må til er profesjonelle plastryddarar med teknisk avansert utstyr som vinsjar og store båtar, seier han.