Hopp til innhold

Har brukt 11 millionar kroner på Fjord1-råd

Fylkeskommunen har brukt 11 millionar kroner på eksterne konsulentar i samband med Fjord1-salet. – Tilliten er i ferd med å forsvinne, seier fylkestingsmedlem Stein Malkenes (MDG).

Vedtak i fylkestinget

KOSTBART: Her vart Fjord1 seld med 16 mot 15 røyster i fylkestinget. Fylkesordføraren og fylkesrådmannen slår fast at fylkesutvalet var klare over kostnadane til konsulentbruk i saka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

To millionar kroner vart utbetalt i fjor og ni millionar kroner i år, viser dokument NRK har fått tilgang til. Malkenes er sjokkert over pengebruken.

– Det er ikkje ofte ein mister taleevna, men eg har nesten ikkje ord for dette her. Eg synest det er frykteleg, rett og slett, seier Malkenes.

– Eit nytt element i skandalen

Småpartia blei spurt ut i studio i Førde

I FERD MED Å MISTE TILLIT: Fylkestingsmedlem Stein Malkenes (MDG) er sjokkert.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Støyen i etterkant av at fylkeskommunen selde den 59 prosent store eigarposten sin i Fjord1 til Torghatten, er på ingen måte over.

– Blant andre Senterpartiet nekta for å bruke 800.000 kroner slik at dei i Måløy kunne fått på plass Måløyraidmuseet. Og så får eg no høyre at det er brukt 11 millionar kroner på konsulentar. Det er ein trist dag for Sogn og Fjordane. Det er berre eit nytt element i skandalen som har blitt rulla opp i haust, dessverre, seier Malkenes.

Ville brukt minimalt på konsulentar

Også Arbeidarpartiet er kritiske til pengesummen som er brukt på konsulentarbeid.

Åshild Kjelsnes

KRITISK: Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) ville helst unngått å bruke ein så stor sum på konsulentar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det hadde vore minimalt det hadde vore bruk for å behalde og styrke eigarskapet om Arbeidarpartiet hadde fått det som dei ville, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Fylkeskommunen sin eigarpost i Fjord1 vart seld med knappast mogleg margin, 16 mot 15 røyster i fylkestinget. Senterpartiet, Frp, KrF og delar av Høgre sikra fleirtal for salet. Arbeidarpartiet, SV, MDG og delar av Høgre var imot.

Avviser kritikken

Fylkesordførar Jenny Følling, som har fått massiv kritikk frå opposisjonen etter salet, meiner det er ingen grunn til å kritisere at det er brukt 11 millionar kroner på eksterne konsulentar. Ho seier ho er trygg på at pengane har maksimert verdiane i Fjord1.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

NAUDSYNT: Det var naudsynt å bruke så mykje pengar på konsulentar med tanke på storleiken på saka, ifølgje fylkesordførar Jenny Følling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Fylkesutvalet har i oktober vore orienterte om nivået på konsulentbruken, så dette er kjende tal for alle som sit i fylkesutvalet. 11 millionar høyrest mykje ut, men sett i lys av at dette er ein transaksjon på 1-1,2 milliardar og at verdiane har auke frå prosessen starta, så har det vore behov for å bruke naudsynt hjelp til å ta vare på verdiane våre.

Heller ikkje fylkesrådmann Tore Eriksen angrar på den kostbare konsulentbruken.

– Det er eit stort beløp, men på den andre sida er det ein transaksjon på over ein milliard. Så sett i høve til saka sin storleik så er ikkje beløpet stort.

I ferd med å miste tilliten

Malkenes er av ei heilt anna oppfatning og fortel at tilliten til toppleiinga i fylkeskommunen er syltynn.

– Tilliten er i ferd med å forsvinne. Eg beklagar å måtte seie det, men no byrjar det å gå mot mistillit for min del.