Hopp til innhold

Håpar på fulle tribunar i kveld

FOSSHAUGANE (NRK): Billettsalet har gått strykande før vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann.

Kristian Fardal Opseth

ÅRETS HØGDEPUNKT: I kveld klokka sju tek Sogndal i mot Brann på Fosshaugane Campus. Det er venta nær fulle tribunar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Ein fotballfest blir det, så står det att å sjå om vi kan slå Brann for sjuande gong på rad på Fosshaugane Campus, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad.

Publikumsrekorden er på 5502 tilskodarar og stammar frå 2009. Også den gongen var det bergensklubben som var på besøk.

Oppmodar folk om å møte i god tid

Arrangementssjefen fortel at pågangen har vore stor dei siste dagane.

Geir Inge Heggestad

MOT FULLE HUS: Trass i at kampen går på ein arbeidsdag, trur arrangementssjefen at det blir nær fulle tribuner til kampstart.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Det tok skikkeleg av i helga. I går kveld hadde vi i fleire timar eit snitt på ein billett seld i minuttet. Det mykje for Sogndal Fotball. Vi håpar vi skal greie å fylle tribunane. Det blir i alle fall veldig nære, seier Heggestad.

På grunn av den store pågangen oppmodar han folk til å kjøpe billettane vi internett.

– Då kan du skrive ut billetten heime og du slepp å stå i kø. Det kan bli eit veldig stort press på billettbuene våre i dag, noko som kan føre til at vi ikkje får alle inn dørene til kampstart. Det ønskjer vi svært gjerne å unngå, difor opnar vi billettbuene fire timar før kamp og oppmodar alle om å møte i god tid, seier Heggestad.

Færre på bortetribuna enn vanleg

For bygda Sogndal er møtet med Brann alltid årets høgdepunkt. Ikkje berre på grunn av historia og rivaliseringa, men også fordi brannsupporterane alltid møter mannsterke opp og skapar liv på tribunane.

I år går kampen på ein måndag. Det betyr at det kan bli færre tilskodarar på bortetribuna enn det som er vanleg når Brann kjem på besøk.

– Vi har fått melding om at det kjem 150 supporterar frå Bergen. Vi skjønar at det kan vere problematisk å kome til Sogndal på ein arbeidsdag, i tillegg til at den stengde Gudvangatunnelen kan gjere at mange vel det vekk.

– Men det blir uansett over 5000 tilskodarar, det kan eg seie her og no. Kapasiteten er på 5500, så då er vi svært nære fullt hus, seier Heggestad.