Hopp til innhold

Håpar å greie EM-kravet i Florø

Øyvind Strømmen Kjerpeset (20) frå Florø håpar heimepublikummet skal hjelpe han til å greie EM-kravet på 400 meter hekk under Florø Friidrettsfestival laurdag.

Øyvind Strømmen Kjerpeset tek NM-gull

SIKTAR MOT EM: Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kravet er 51,10, og sjølv meiner han det er realistisk å greie denne tida på heimebane.

– Eg sprang på 51,80 i sesongopninga, det var rundt den tida eg hadde håpa på. Det var ei veldig god stadfesting på at eg er der eg skal vere.

EM det første store målet

Det store målet hans er i første omgang EM-deltaking. Då må han forbetre den personlege rekorden som er 51,16, og i Florø meiner han feltet er så godt at det kan hjelpe han på vegen. Mellom anna har russaren Vladimir Antmanis ein personleg rekord på 49,74.

– Det er eit godt felt, og hard konkurranse kan vere ein avgjerande faktor for å tyne ut dei ekstra tidelane som skal til.

Øyvind håpar at veret blir bra og at mange møter opp på tribunane laurdag, men han kjem ikkje til å tenke så mykje på slikt når det nærmar seg start klokka 15.20.

– Eg er flink til å kople ut alt eg ikkje kan gjere noko med.

Øyvind Strømmen Kjerpeset med nordisk sølv.

MED MEDALJE: I Florø handlar det ikkje om medalje, men om EM-krav.

Foto: Helga Reigstad

Siktar mot OL-deltaking

På lengre sikt er det store målet hans å få delta i eit OL, og han ser ikkje bort frå at han kan få oppleve det alt i år i London.

– Frå EM-kravet er det berre 0,4 sekund ned til OL-kravet, så med full klaff er det ikkje urealistisk. Men eg er berre 20 år, og eg reknar med at eg har iallfall tre OL til å sikte meg inn mot.

Øyvind Strømmen Kjerpeset går på veterinærstudium i Oslo, og seier det går veldig greitt å kombinere det med friidretten.

– Men det er veldig hektisk til tider. På det meste trenar eg fire timar for dagen, og med transport til og frå trening går det gjerne fem timar. Eg trenar på Olympiatoppen, på Norges Idrettshøgskule og Bislett.

Ein av grunnane til at han trenar på idrettshøgskulen er at trenaren hans, Eystein Enoksen, er professor i friidrett og trening der. Enoksen har overteke etter at Rune Osa og Dag Ove Flatjord la eit godt grunnlag heime i Florø.

– Gøy å løpe, men ikkje å kome i mål

– Kvifor valde du 400 meter hekk som di øving?

– Eg har alltid vore eit løpstalent, men manglar den eksplosive akselerasjonen som skal til for å bli skikkeleg god på 110 meter hekk. Men eg har god sprintuthaldenheit, og dermed var 400 meter hekk eit naturleg val.

Men denne øvinga blir rekna for å vere den hardaste øvinga i friidrett, og det er ikkje utan grunn at deltakarane gjerne ligg strødd i fleire minutt etter at dei har passert målstreken.

– Eg pleier å seie at det er gøy å løpe, men ikkje gøy å kome i mål. Det er veldig smertefullt etterpå, i inga anna øving er det ei slik opphoping av mjølkesyre i dei store muskelgruppene som rumpe og lår, i tillegg kjem du i kraftig oksygengjeld.

Likevel gler Øyvind Strømmen Kjerpeset seg til løpet laurdag, eit løp som kan bli ein ny milepel i karrieren. Får han fullklaff kan det og bli lønsamt. Den norske rekorden er på 50,67, og dersom han slår den vankar det ein rekordbonus på 10.000 kroner.