Det seier førsteamanuensis Peter Hovgaard ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Hovgaard har fylgt blåskjelnæringa i Sogn og Fjordane gjennom 23 år. Dermed har han og fått med seg mange nedturar.
Men han har aldri mista trua på at blåskjel kan bli ei viktig næring i fjordfylket. Vekstvilkåra er ideelle i det meste av fylket - det er gifta som har vore det store problemet. No kan det sjå ut som nye metodar for å måle giftinnhaldet i skjela kan gje lys i tunnelen.
Tidlegare var ein musetest avgjerande for om skjela kunne nyttast til menneskemat eller ikkje. Innhaldet i skjela vart sprøyta inn i mus. Dersom musa døydde, vart skjela definert som ikkje etande. No finst det andre metodar som er sikrare.
Framleis er det for mykje gift i den indre halvdelen av Sognefjorden, særleg på hausten, men i resten av fylket meiner Hovgaard at skjela kan haustast så godt som året rundt.
Og skjelmottaket til Fjord Aker på Byrknesøy, som fekk så tøff start, tek no imot skjel.