- Vi må ha faste kundar som er villige til å kjøpe ferdigpakka produkter til kiloprisar mellom fem og ti kroner. Vi kan ikkje halde fram med å selge i sekkevis til ei eller tre kroner kiloen, seier styreleiar Arild Kjeseth.
Fjord Aker har i dag samarbeid med 27 anlegg, mange av dei i Sogn. Så langt har produksjon og foredling av blåskjel vore dårleg butikk.
Svidd av 24 millionar
Rekneskapstala for dei siste fem åra viser at risikovillige aksjonærar, som bilimportør Erik Otter Steen, generalkonsul Alf R. Bjercke og fiskehandlar Hallvard Lerøy, har svidd av 24 millionar kroner.
I same periode var inntektene frå sal av skjel på 3,4 millionar. Hovudaksjonær Erik Otter Steen er likevel villig til å våge meir pengar, på visse vilkår.
- Hovudeigaren vår, Erik Steen, seier at han og dei andre eigarane er villige til å kome med ny aksjekapital og lånekapital til to millionar kroner, opplyser Kjeseth.
Må ettergi lånegjeld
For å vere med vidare, krev hovudaksjonær Steen at fylkeskommunen, SND og Leikanger Sparebank ettergjev lånegjelda til Fjord Aker. Styreformann Kjeseth reknar med at dette skal vere i orden i løpet av august. Lykkast ikkje snuoperasjonen, er styreformannen pessimist.
- Då kan eigaren vår gå lei. Eg vil tru at det vil vere slutten, seier Kjeseth.