Hopp til innhold

Teatersjefen sprang i påfugldrakt: – Eit av mine beste maratonløp

– Eg måtte stoppe og ta bilete med nokon publikummarar undervegs i løpet, smiler Terje Lyngstad. Teatersjefen sprang i dag Bergen City Marathon med påfugldrakt.

Terje Lyngstad på Bergen Maraton.

SJÅ VIDEO: Teatersjef Terje Lyngstad sprang maraton i påfugldrakt i Bergen laurdag. (Foto: Marit Hommedal/Alf Vidar Snæland / redigering: Alf Vidar Snæland)

Den 26. september har Sogn og Fjordane teater premiere på det nye stykket om løparkongen Mensen Ernst (1795-1843).

Mensen Ernst kom frå Fresvik i Sogn, og er rekna som ein av tidenes største langdistanseløparar og Norges første profesjonelle idrettsutøvar.

– Ein ekstrem type

Mensen Ernst

LØPARKONGEN: Mensen Ernst (1795-1843).

– Det er heilt naturleg å lage noko om ein slik type som var so stor. Han var jo ekstrem på so mange måtar at han passar godt i teater, og me veit ganske lite om han so me kan dikta mykje, seier Lyngstad.

– Og påfugldrakta ...?

– Det står skrive i biografien hans at han brukte ei påfugldrakt. Me har sett litt på kva folk brukte då, og det var vel eigentleg nærmare dress med flosshatt, men når det er oppgitt at han brukte påfugldrakt, so har kostymedesignaren vår dikta vidare på det, seier Lyngstad.

– Denne er lik som den som skal brukast i teaterstykket. Men Mensen Ernst brukte nok ikkje fjør på si tid, men han kan ha brukt ei løpedrakt som var fargelagd på eit vis.

Sprang opp mot bestenotering

Lyngstad sprang på tre timar, fjorten minutt og 57 sekund, ei tid han er veldig godt nøgd med.

– Det er det nest beste løpet eg har sprunge etter at eg starta opp att med løping i 2005. Eg hadde trudd eg skulle «cruise» gjennom løypa på tre timar og 30 minutt, men då løpet byrja so merka eg at eg verkeleg hadde dagen, seier Lyngstad.

Terje Lyngstad

FARGERIK: Terje Lyngstad hadde ikkje problem med å bli sett i dag.

Foto: Marit Hommedal

Fjørpryden utgjorde ikkje noko luftmotstand. Tvert om, Lyngstad var overraska over kor god den var å springe i.

– Eg merka ikkje fjørene! Eg måtte stoppe ein gong å ta ut ei fjør som hadde knekt, og eg mista ein knapp ein gong, men elles var det heilt ok.

Men når ein spring maraton i Bergen i ei lilla påfugldrakt, då snur folk seg etter deg.

Fekk ein del blikk etter seg

– Det vart veldig mange blikk og mykje merksemd. Eg måtte stoppe å ta bilde med folk under sjølve løpet. Det artigaste var kanskje då eg sprang forbi folk som plutseleg såg ryggen min. Då høyrte eg ofte «sjå der, du» og «oioioioioi». Og det var veldig mange som heia ekstra på meg, og det var berre veldig moro.

Terje Lyngstad
Foto: Marit Hommedal

Men å springe med påfugldrakta er ikkje berre for moro. Mellom den 13. og 19. september skal han springe 422 kilometer i heile Sogn og Fjordane – frå fylkesgrense til fylkesgrense.

– Me skal engasjere ungar og samla inn pengar til kreftsaka. Og kanskje får fleire lyst å sjå teaterstykket, seier Lyngstad.

Han går i mål på Leikanger om ettermiddagen den 19., då er markeringa av 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane nett ferdig.

– Då kan alle koma ut og ta meg i mot, smiler Lyngstad

– Eit viktig tema

Når dei set opp teaterstykket til hausten er det meir enn at han var ein løparkonge frå Sogn og Fjordane som er tema.

– Me har aldri hatt ei større joggebølgje og løpsbølgje enn me har no, og polariseringa mellom dei som trenar som toppidrettsutøvarar og dei 80 prosentane som ikkje er like aktive, har aldri vore større, seier Lyngstad.

Det var fleire frå Sogn og Fjordane som markerte seg i Bergen i dag. Det var Helge Hafsås frå Olden Idrettslag som vann. Han tok sin 157. maratonsiger i karrieren.

Terje Lyngstad (t.v.) og Helge Hafsås

VINNAREN: Helge Hafsås (t.v.) frå Olden Idrettslag vann Bergen City Marathon.

Foto: Marit Hommedal