Hopp til innhold

Han var første mann opp Vetenløpet

Men heller ikkje i år greidde nokon å slå den gamle rekorden frå 2009.

vetenløpet

FØRST OPP: Thorbjørn Thorsen Ludvigsen var første mann opp det 4,6 kilometer lange løypa laurdag.

Foto: Annbjørg Hauge Nygård

– Det var rett og slett ikkje vêr til å slå nokon rekordar, seier arrangør Annbjørg Hauge Nygård.

I år er det tolvte gongen at motbakkeløpet frå Grotlesanden til Veten blir arrangert. Den totale løypa er 4,6 kilometer lang, med målgang på Veten, 527 meter over havet.

Eitt minutt bak

25.25 er rekorden til kenyanaren John Mnangat Sompol. Sompol sletta Jon Tvedt sin eitt år gamle rekord i 2009.

Den blei for vanskeleg å ta for Thor Thorsen Ludviksen som i år var raskaste mann til topps med tida 26.35.

Bak han kom Joel Dyrhovden og Sindre hoff, med tida 28.25 og 29.39.

Sjå alle resultat her.

Heller ikkje for kvinnene blei det ny rekord i år.

Elisabeth Hildenes var årets raskaste i dameklassen med tida 33.48.

100 påmelde

John Mnangat Sompol

URØRT: Rekorden til John Mnangat Sompol frå Kenya fekk stå urørt også i år. Her under bakkeløpet Storehesten Opp.

Foto: Eirin Aardal / NRK

Trass dårleg vêr- og føreforhold, er motbakkesjefen nøgd med talet på deltakarar.

– Vi hadde over 100 påmelde i konkurranseklassen, det er bra.

Totalt var det 370 deltakarar med i løpet.

– Det var vått og mykje skodde. Men sjølve løpet er vi veldig nøgde med sjølve løpet.

Puljeinndeling

I år innførte arrangørane puljeinndeling for å hindre kø i løypa. Dette fungerte særs bra, ifølgje Hauge Nygård.

– Dei som rekna med å springe på under 40 minuttar starta litt tidlegare. Dette fungerte strålande, så det kjem vi til å halde fram med.