Hopp til innhold

Ny rekord i Vetenløpet

May Britt Buer, Gular, sprang knallsterkt og sette ny løyperekord på Vetenløpet i Bremanger laurdag.

May Britt Buer vann Vetenløpet

SMADRA LØYPEREKORDEN: May Britt Buer, Gular.

Foto: Annbjørg Hauge Nygård

Motbakkedronninga, som kjem frå Odda i Hardanger, nådde til topps på Veten på tida 31.49. Ho slo den gamle rekorden til Tuva Toftdahl Staver med eitt minutt og 40 sekund.

Merete Weng vart nummer to i årets løp med tida 33.02, Therese Sjursen nummer tre med tida 34.18.

I herreklassen var Tomas Bereket suveren. Han kom i mål på tida 28.01. Nummer to var Geir Øygard med tida 32.53, nummer tre Ole Jonny Vallestad med 33.13.

Det var 420 som tok turen til topps på Veten laurdag, 71 av dei deltok i konkurranseklassane. Arrangørane hadde klaff med veret, det var litt kaldt på toppen, men nede på Grotlesanden var det varmt og godt.

Her er alle resultata frå Vetenløpet .

Tomas Bereket vann Vetenløpet

LANGT FØRE RESTEN: Tomas Bereket på veg mot mål.