Hopp til innhold

Han og dei andre bøndene i bygda forsyner ein norsk storby med mat

LÆRDAL (NRK) Bøndene i Lærdal held Bergen med mat gjennom sommarhalvåret. No er bygda som er blitt kalla Bergen sin grønsakhage klare med dei første tidlegpotetene.

Per S. Hjermann

HAN ER KLAR: Per S. Hjermann grev fram tidlegsorten «Solist» av dei 8–9 potetsortane han skal produsere i år. Bergensmarknaden ventar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Per Severin Hjermann set grafsa i jorda på garden Stødno og dreg opp årets første tidlegpoteter.

Dei er til eige bruk, men torsdag startar det som er sommarens første eventyr for frukt- og grøntdyrkarane som er tilknytt Lærdal Grønt:

Tidlegpotetene skal opp. Fleire hundre tonn. Og jo tidlegare jo betre butikk blir det.

– Eg reknar med over 10 kroner kiloet for dei første 10–12 måla, seier Hjermann, om tidlegpotet-åkeren som tel 32 mål og vil gje mellom 70 og 80 tonn nypoteter.

God vekstsesong

Per Severin nummer 12 på garden Stødno fortel til NRK P1 Sogn og Fjordane at han er nøgd med sesongen så langt.

– Vekstsesongen er litt betre enn den var i fjor. Det blir ikkje rekord som i fjor, men det ser ut til å bli ein travel sesong med mykje å gjere, seier Hjermann, som har poteter, morelle, gulrot og eple som dei fire hovudprodukta på garden.

På morellesida reknar han med å produsere 30 tonn, noko som er personleg rekord for bonden på Stødno.

Harald Blaaflat Mundal

DAGLEG LEIAR: Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.

Foto: Kjellrun LAvik / NRK

Dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal seier at alt som bøndene i Lærdal Grønt produserer av poteter og grønsaker, går til Bergen, og litt til Coop i Sogn og Fjordane.

Lærdal produserer no halvparten av alle morellane i Norge. Og alle tidlegpotetene som blir spist på bergenske og hordalandske middagsbord.

– Vi leverer til Bama, som forsyner Norgesgruppen og Rema i Hordaland og halve Sogn og Fjordane, seier Blaaflat Mundal.

Han ramsar opp forventa volum i år:

Minst 1500 tonn tidlegpoteter, mellom 200 og 250 tonn morellar, mellom 100 og 150 tonn ferske konsumbringebær og om lag 800 tonn gulrot.

I tillegg kjem kål, eple og ei rekkje andre produkt.

Tjuedobling

Lærdal Grønt starta i 1999 med fem millionar kroner i omsetnad.

I fjor gjekk veksten frå 62 til 80 millionar. Innan 2020 er målet 100 millionar, ei tjuedobling.

– Vi har satsa på nye ting, som morellar, og på bær. Vi har utvikla dei gamle kulturane, som tidlegpoteter, som framleis er eit viktig produkt. Og vi har utvikla eigen emballasje og utvida sesongen, seier styreleiar Rikard Lysne.

Rikard Lysne

STYRELEIAR: Rikard Lysne i Lærdal Grønt.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Bama: Lærdal størst

Norge-sjef Espen Gultvedt i Bama seier Lærdal sine produkt kjem på marknaden litt etter dei aller tidlegaste produsentane. Men at når lærdalsmaskineriet er i gong er det berre Lærdal som gjeld.

Kundene velger pene poteter

BAMA: Norge-sjef Espen Gultvedt i Bama.

Foto: Bjørn Ruud / NRK

– Frå veke 25 leverer Lærdal 100 prosent av alle nypoteter til Bergen, Hordaland og halve Sogn og Fjordane, stadfestar Gultvedt.

På morellar er situasjonen større, ifølge Gultvedt.

Då dominerer Lærdal også austlandsområdet.