Hopp til innhold

Ei sorg å skulle selje – men ho må

I 136 år har Kvammes Hotel, tidlegare kalla Lærdalsørens Hotell, husa turistar og fastbuande. Denne veka blei salsannonsen publisert på Facebook, og det vekte reaksjonar.

Kvammes pub og kafè i historiske omgivnadar

LÆRDALSØYRI: Bygget ligg sentralt i gamle Lærdalsøyri.

Foto: Privat

– Eg har fått fleire tekstmeldingar sidan eg la ut salsannonsen. Det er fleire som seier at dette er veldig trist, seier Lise Cirotzki Einemo.

Ho og mannen Rune Einemo kjøpte Kvammes Hotel av kommunen for seks år sidan. Sidan har det vore heimen deira.

Kvammes Hotel ligg i Øyragata i gamle Lærdalsøyri, og har i mange år vore ein sentral samlingsstad for folk i bygda.

– Vi har ikkje lenger hotellverksemd, men har hatt pub, kafé og samlingsstad heilt frå vi kjøpte. Etter kvart bygde vi om andreetasjen til privat leilegheit, og der bur vi enno, seier ho.

Lise Cirotski Einemo og Rune Einemo

HEIM OG ARBEIDSSTAD: Lise Cirotzki Einemo og Rune Einemo har hatt Kvammes kafé og pub som heim og arbeidsplass dei siste seks åra.

Foto: Privat

Både heim og arbeidsplass

Einemo fortel at staden har blitt ein del av livet deira, og at både turistar og fastbuande er blitt ein del av familien. Difor er det ekstra vanskeleg å ta avgjerda om å selje.

– Eg har drive dette åleine dei siste åra fordi mannen min jobbar i anleggsbransjen og brukar mykje tid på det. Då har det rett og slett blitt for mykje arbeid for eitt menneske.

Det 444 kvadratmeter store huset blir drive av Einemo åleine, i tillegg til fire tilsette når sommarsesongen er i gong.

– Det er vanskeleg å selje. Dette har vore ein del av vårt og dottera vår sitt liv sidan 2010 og endå lengre for bygda vår, men akkurat no går ikkje det an for meg meir, seier ho.

Kvammes pub og kafè i historiske omgivnadar

LÆRDALSØYRI: Bygget ligg sentralt i gamle Lærdalsøyri.

Foto: Privat

Sel ikkje til kven som helst

– Det må vere nokon som har interesse av å bringe vidare tradisjonane våre, fortel Cirotzki Einemo.

Ho seier at huset har betydd mykje for folk, og utsida på bygget er freda.

– Om nokon har lyst å starte opp hotellverksemd her igjen hadde det vore fantastisk, men det viktigaste er at dei vil halde fram med å bruke huset som ein samlingsstad.

Om ikkje den rette kjøparen dukkar opp kan ho måtte revurdere salet.

– Vi må finne den rette som kan ta over. Om den eller dei ikkje skulle dukke opp så må vi halde fram å drive staden likevel, sjølv om det blir tungt, seier ho.

Les også: