Hopp til innhold

Dei er tidenes midtstopparar

I glansdagane spelte Asle Hillestad og Arild Førde i spann i midtforsvaret. No er dei kåra til dei beste midtstopparane Sogndal Fotball har hatt gjennom tidene.

Asle Hillestad og Arild Førde

PÅ TOPP: Asle Hillestad (t.h.) og Arild Førde er tidenes midtstopparar på Sogndal Fotball.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg har fått med meg ein veldig god konpanjong. Eg og Arild har spelt fleire sesongar ilag, seier Asle Hillestad.

– Asle er den beste midtstopparen eg kunne fått med meg, seier Arild Førde støttande.

Kaptein og straffeskyttar

Asle Hillestad fekk 34 prosent av stemmene og Arild Førde fekk 21 prosent av stemmene på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.

Ved sidan av Svein Bakke er Asle Hillestad mr. Sogndal. Han har spelt 364 kampar frå 1985 til 2002. Han var kaptein og var den som tok straffespark fast.

I dag driv Hillestad med eigedom.

Utfylte kvarandre godt

Arild Førde har 297 kampar bak seg mellom 1984 og 1993. Han er kjend for å vere liten og rask, og god på hovudet. Han var også veldig god til å lese spelet.

I 1988 vart han utteken i den første landslagstroppen til Ingvar Stadheim mot Brasil, men kom ikkje på bana.

Hillestad og Førde spelte saman i mange sesongar og utfylte kvarandre godt. Hillestad var murbrekkaren som gjekk i krigen, medan Førde låg bak og plukka opp ballane.

I kåringa til NRK Sogn og Fjordane kom Raoul Kaoukou på tredje plass med ni prosent av stemmene. Jarle Flo og Even Hovland fekk begge åtte prosent av stemmene.