Hopp til innhold

Her står 11,9 prosent på valliste

Senterpartiet ønskjer framleis å vere ordførarpartiet i Solund – og har gode sjansar.

Innseilinga til Hardbakke via Steinsund
Foto: Elin Rasch

Gunn Åmdal Mongstad (Sp) har hatt ordførarklubba i Solund i to periodar, og stiller på val igjen. Ved begge dei to siste vala har Sp fått ca 35prosent av stemmene i Solund, og med eit tilsvarande val i år, stiller ho sterkt i forhandlingar med andre. Føre periode fekk ho John Kåre Larsen (Frp) som varaordførar, denne perioden Aud Ødejord (Ap)

Utfordrarar

Ved sist val vart Frp nest største parti (27,6prosent) og låg rett bak Sp. John Kåre Larsen stiller på igjen for Frp og har ordførarambisjonar. Han fekk så vidt prøvd seg i førre periode då han var varaordførar og fungert som ordførar ein periode Gunn Mongstad hadde permisjon. Det vil likevel overraske om han når opp.

Nytt blad Krakhellen

I 1999 gjorde Steinar Krakhellen (H) reint bord ved valet i Solund og fekk reint fleirtal i kommunestyret – i eit val som hadde spesielle bakteppe.

No prøver junior, Ole Gunnar Krakhellen, seg. Han har nyleg avslutta studia sine og har flytta heim til Solund. Han har site ein periode på Fylkestinget som yngstemann, og markert seg. Det blir uhyre spennande å sjå kor sterkt sulingane sluttar opp om ein av sine heimvendte, unge, dyktige.

PULS

er forkortinga for Politisk Uavhengig liste for Solund – ei nyskaping dette året. Toppkandidat er Sigve Lerpold. PULS har kamp mot streng strandsonepolitikk som ein av sine hovudsaker. Elles er dei misnøgde med tingenes tilstand i Solund, utan at det er heilt lett å få tak i dette meir konkret. Spennande om dei får oppslutning og i tilfelle kven dei tar stemmer frå.

Varaordførar Aud Ødejord (Ap) stiller ikkje på igjen. Ap kjem no med Tom Færøy, mens Anne Grete Furrevik kjem igjen som SV-topp.

11,9prosent av folket på liste

I ei tid då mange parti har problem med å få folk til å stille på lister, er det verdt å merke seg at i ein liten kommune som Solund, med 704 personar over 17 år, står 11,9prosent av folket på liste ved dette valet. Det er suverent mest i Sogn og Fjordane, og plasserer kommunen topp 10 i landssamanheng.

Dette er også eit lite bevis på at Solund som for nokre år sidan hadde eit frynsete politisk omdømme, har greidd å bygge dette opp att på ein positiv måte og fått folk til å engasjere seg.

Saker

I Solund kranglar dei om stoggestad for snøggbåten på kysten – Krakhella som i dag, eller Hardbakke – der dei fleste bur. Ei flytting får nemleg følgjer for andre lokale rutetilbod i kommunen.

Vindmøller. Ei svært aktuell og omstridd sak for Solund

Kamp for bru over Ytre Steinsund, og Kulturskule i kommunen.

Solund - kommuneval

 

Ap

SV

SP

H

Frp

Andre

1995

43,4

5,4

15,5

27,7

 

7,9

1999

31,9

5,4

12,0

50,7

 

 

2003

8,4

11,2

36,2

31,9

12,3

 

2007

15,6

6,3

34,1

16,4

27,6