Hopp til innhold

Bøyer seg for folkekravet etter skattesjokket

SOGNDAL (NRK): Neste år kan det bli ny taksering av 1139 hus og næringsbygg i Sogndal. Formannskapet vedgår at verdisetjinga av bygga har vore kritikkverdig.

Jarle Aarvoll og Laura Kvamme

PRØVDE Å RYDDA OPP: – Informasjonen i denne saka har vore for dårleg. Det må me berre beklaga, seier ordførar Jarle Aarvoll. Varaordførar Laura Kvamme (t.h.) og Ole C. og Siri L. Torgersen i selskapet Verditakst AS i bakgrunnen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Prosessen i denne saka skulle vore betre. Og arbeidet vidare må me syta for er på stell, sa ein sjølvkritisk ordførar Jarle Aarvoll (Ap), etter at formannskapen i Sogndal torsdag hadde drøfta vinterens store stridssak i fem timar.

Ein samrøystes formannskap vedtok (sjå heile vedtaket til høgre):

  • At takseringsarbeidet kunne ha vore betre, og at verdifastsetjinga er blitt for høg.
  • Å be sakkunnig takstnemnd å vurdera takstane for våningshus, fritidseigedommar og næringsbygg på nytt.
  • Å vurdera ei ny taksering av alle dei 1139 råka eigedommane i 2017. Kommunestyret skal ta endeleg stilling til dette i juni.
  • Å be administrasjonen om å senda ut kreditnota på alle utsende faktura som gjeld eigedomsskatt.
Fråflytta kårhus på Årøy gard

VERDIAUKE – PÅ PAPIRET: Sjølv om dette huset nærast har rotna på grunnmuren sidan sist verdivurdering vart gjort, vil eigaren måtte betale langt meir i eigedomsskatt no – 10 år etter.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Vinterens store strid

Sinna har kome i kok i Sogndal, fordi mange gardshus, hytter og næringsbygg får mykje høgare eigedomsskatt. Selskapet Verditakst AS har – på oppdrag frå Sogndal kommune – gjort ei ny verdivurderinga av 1139 eigedommar i kommunen. For mange av desse er taksten mangedobla.

Ein av dei er Knut Munthe Olsen, eigar av Årøy gard. Den gamle gardstaksten på våningshuset hans var 240.000 kroner. Nytakseringa sette verdien på det ubebuelege gardshuset til 1,6 millionar kroner.

I Sogndal har sinna kome i kok fordi mange gardar no får høgare eigedomsskatt. Ei ny verdivurdering av landbrukseigedomar er gjennomført, og det har gitt høgare takstar.

SJÅ TV-REPORTASJE: Vestlandsrevyen blei måndag med eigar Knut Munthe Olsen inn i det ubebuelege huset som takstmennene vurderte til 1,6 millionar kroner i verdi.

Munthe Olsen følgde debatten i kommunestyresalen i Sogndal:

– Dette var eit forsøk på å rydda opp og gir folk signal om at dei prøver å ta saka alvorleg. Og det er bra at dei opnar for nytaksering, men eigentleg burde takstgrunnlaget ikkje vore godkjent, fordi handverket har vore så slett.

Innrømmer ikkje feil

Ole C. Torgersen er dagleg leiar i Verditakst. Han står fast på at takseringa gjennomgåande har vore konsistent og rett – og har teke omsyn til variasjonar i geografi, standard og storleik.

Ole C. Torgersen

VEDGÅR IKKJE FEIL: Dagleg leiar i Verditakst, Ole C. Torgersen, meiner deira taksering av 1139 eigedommar i Sogndal er rett og konsistent.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er døme på landbrukseigedommar som ser ok ut på utsida, men som er ubebuelege inni. Dei har like fullt fått ei mangedobling av taksten?

– Det er utfordrande å vurdera verdien på ein eigedom frå utsida. Ofte er det samsvar mellom korleis eigedommen ser ut på utsida med korleis kvaliteten er inni, men ikkje alltid.

– Ser du at de kan ha gjort feil?

– Eg vil ikkje bruka uttrykket «feil».

– Verditakst er ikkje sertifisert til å taksera landbrukseigedommar. Er de då kvalifiserte til å vurdera av verdien på 317 gardshus?

– Definitivt ja, for me skal verdisetja bustaddelen av landbrukseigedommen. Skulle me ha verdisett heile landbrukseigedommen – til dømes inkludert inn- og utmark – hadde me ikkje vore kvalifiserte, seier Torgersen.

Ny taksering kostar 1 million

Formannskapen kan ikkje instruera den kommunale sakkunnige takstnemnda. Men vedtaket er eit sterkt politisk signal, og nemndleiar Odd Urdal Bjelle stadfesta på formannskapsmøtet at dei ville leggja stor vekt på vedtaket.

Dersom kommunestyret vedtek ei ny taksering i juni, vil det kosta over éin million kroner.

– Tillit kan ikkje kjøpast for pengar, men tillit kan du som politikar skapa gjennom det du gjer. Dersom det i det vidare arbeidet til takstnemnda kjem fram openberre skeivheiter, vil det gagne alle å ta ein ny runde på taksten neste år, seier Aarvoll.