Hopp til innhold

Halvparten av fyra langs kysten tilbyr overnatting

I fjor gjekk den siste faste fyrvaktaren av med pensjon. Sidan har fyra blitt turistmagnetar.

Gunn Hjertenes er fyrvaktar på Kråkenes fyr

FULLBOOKA: Gunn Hjertenes flytta som pensjonist attende til Vågsøy for å ta vare på fyret og dei besøkande.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

I fjor gjekk «Noregs siste fyrvaktar» av med pensjon, og mange har frykta at dagane til fyra langs kysten er talte når dei vert overlatne til vêr og vind.

No er interessa for å overnatte i eit fyrhus blitt så stor at mange fyr igjen skin for fullt.

– Me er fullbooka kvar einaste dag fram til midten av august og alle helger fram til oktober, fortel overnattingsvert og fyrvaktar på Kråkenes fyr, Gunn Hjertenes.

Då ho vart pensjonist, flytta ho attende til Vågsøy for å ta vare på fyret og alle turistane som strøymer til for å oppleve ein natt i det vêrharde havgapet.

Turistmengdene har bidrege til at fyret blir tatt hand om. Det er ho glad for.

– Det tyder jo på at fyret overlever og blir halde ved like. Mykje av historia langs kysten blæs på havet, men no er det veldig mange av fyra som blir tatt vare på, seier ho.

Familien Hamre Gunnes er blant mange som besøker Kråkenes fyr denne sommaren.

– Det er heilt fantastisk at det er tilgjengeleg for alle. Det er utruleg viktig med tanke på historia som er knytt til fyret, seier Sigrid Hamre Gunnes.

Familien Hamre Gunnes på Kråkenes fyr. Frå høgre er Sigrid, Sivert, Ivar, Sondre og Jakob.

BESØK: Familien Hamre Gunnes besøker Kråkenes fyr. Frå høgre er Sigrid, Sivert, Ivar, Sondre og Håvard.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK
Kråkenes fyr og Stadlandet.

AUKA TURISME: Kråkenes fyr blei oppretta i 1906 og fullstendig automatisert i 1986. Her blir det hyppige utskiftingar på besøkande denne sommaren.

Foto: Nina Didriksen / NRK

Strøymer til på fyrferie

Det finst i dag 110 fyr langs Noregs vel 100 kilometer lange kyst som er i drift. Om lag 60 av dei tilbyder overnatting.

Med koronapandemi og oppsving i noregsferie har konseptet fyrferie auka.

På Ulvesund fyr i Vågsøy byggjer kommunen nye vegar og sørvisbygg attmed fyret.

På Ryvarden kulturfyr i Sveio er også dei blitt vande med turistar.

– Alle hus trenger jo bruk, og i så måte er det bra at folk kjem. Mange er også flinke og hjelper til, seier fyrvaktar på Ryvarden, Gunn Bente Håvardsholm.

Direktør for Kystverket, Einar Vik Arset synest det er kjekt at fyra har blitt destinasjonar for lengre opphald.

– Er dei i bruk og det er lys husa, er det til det beste for alle. Det er framleis eit betydeleg etterslep på vedlikehaldet av norske fyrhus, men no blir det lagt godt til rette på mange av dei, seier han.

Einar Vik Arset, kystdirektør

NØGD: Direktør i Kystverket Einar Vik Arset gler seg over at turistar vil besøke norske fyrhus.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
Kråkenes fyr
Foto: Visitnorway

Ein ny type fyrvaktar

Fyrvaktaryrket er eit tydeleg døme på korleis maskinar og automatikk erstattar menneskeleg arbeidskraft.

Då fyrvaktaren på Lindesnes fyr gjekk av med pensjon i fjor, blei Noreg eit land fritt for faste fyrvaktarar.

Men tyder det at ingen vaktar over fyra lenger?

Kanskje har den stereotype skjeggete fyrvaktaren heller blitt overteken av overnattingsvertar og turistar.

For sjølv om Kråkenes fyr blei automatisert i 1968 må det framleis vaktast over. Det fekk Gunn Hjertenes erfare.

– Det var ei gammal dame som ringde til oss og sa at fyret ikkje lyste. Så då var det me som måtte setje i gang prosessen med å ringe Kystverket for å ordne det, fortel ho.

Gunn Hjertenes

PÅ VAKT: Gunn Hjertenes måtte melde inn om at lyset på fyret sløkte.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK