Hopp til innhold

Halvparten av borna i barnevernstiltak blir tekne frå familiane i Vågsøy

Det er store skilnadar på kor ofte barnevernet tek born ut av heimen i ulike kommunar. Årsaka er ein usamde om.

Familie

FAMILIE: Om eit born får bli i familien eller blir flytta vekk varierer mykje frå kommune til kommune syner tal frå Statistisk sentralbyrå. (ILLUSTRASJON)

Foto: Illustrasjon: Kuzma/Colourbox.com

– Vi har eit godt utbygd barnevern, og det gjer at sakene blir tatt på høgste alvor. Det gjer kanskje at det blir litt fleire saker her enn i mindre kommunar, seier rådmann i Vågsøy, Knut Ove Leite.

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at 52 prosent av borna som i 2013 var under ulike barnevernstiltak i Vågsøy, vart flytta vekk frå familien. I dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane er talet på barnevernsborn så låge at det ikkje finst relevante data. Tala frå 2013 syner at i Eid vart 32 prosent tekne vekk frå heimen sin, i Naustdal var talet 20 prosent.

Barnevern-demonstrasjon i Romania

PROTESTAR: Ei barnevernssak i Naustdal har vore kimen til store protestar i heile verda.

Foto: Barnevernsaksjonen si Facebook-side

– Det sosiodemografiske vil vere ulikt frå kommune til kommune, og ein har ulike måtar å jobbe på. Eg trur skilnadane eigentleg like mykje gjer uttrykk for at landet er forskjellig, seier rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen.

– Mangel på kapasitet, kunnskap og kompetanse

Det har storma kring norsk barnevern siste tida. Ei barnevernssak frå Naustdal, der ein familie er fråteken fem born, har skapt store internasjonale protestar. Psykologspesialist Einar Salvesen er uroa over den varierande praksisen som tala syner.

Einar Salvesen er kritisk til dei store skilnadane mellom kommunar når det gjeld barnevernet

UROA: Psykologspesialist Einar Salvesen er kritisk til dei store skilnadane mellom kommunar når det gjeld barnevernet

Foto: Dan P. Neegaard

– Nokre barnevernskontor fungerer veldig godt, men andre fungerer som lukka autoritære system. Ein er tvungen til å løyse situasjonen, og må gjere noko. Då vel ein ei slik løysing på grunn av mangel på kapasitet, kunnskap og kompetanse, seier Salvesen.

Rådmannen i Vågsøy er ikkje samd, han meiner tvert om at dei gode ressursane i Vågsøy gjer at dei har høve til å gripe inn oftare enn andre.

– Ein har kapasitet til å ta tak i alle førespurnader ein får, seier han.

Psykologspesialist Einar Salvesen meiner ein må få på plass eit meir standardisert system for vurderingar.

– Om ti saksbehandlarar går inn i same familien, så kan det kome ti ulike tolkingar av situasjonar og om ein treng å ta omsorga for borna eller ikkje. Det er lite klare standardar.