Hopp til innhold

Halve styret frå fjordfylket

Halvparten av styremedlemmene i skandale-selskapet Terra Securities kjem frå Sogn og Fjordane.

Konsernsjef i Terra-gruppen Ola Sundt Ravnestad
Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Selskapet vart tidegare i dag slått konkurs og Vik og Bremanger har til saman investert fleire hundre millionar kroner gjennom selskapet.

Takka for seg

Ola Sundt Ravnestad, Egon Mogsnes Moen og Aud Ingrid Espeland kjem alle frå Sogn og Fjordane, og sit i styret til Terra Securities, som slo seg konkurs tidlegare i dag. Dei tre utgjer halvparten av styret på seks personar.

Ravnestad er 46 år gammal og kjem frå Gloppen. Han er styreleiar i Terra Securities og trekte seg nyleg om konsernsjef i Terra-Gruppen. Han har ein avtale om 18 månaders etterlønn, noko som utjer om lag 5,5 millionar kroner.

Banksjef i Sogn

Egon Mognes Moen er 49 år gammal. I tillegg til å vere styremedlem i Terra Securities er han banksjef i Indre Sogn Sparebank. Vidare er han styremedlem i mellom anna Årdalsfondet, styreleiar i Vesterland Hotell og Feriesenter og kontaktperson i Sogn Regionråd.

49 år gamle Aud Ingrid Espeland er dagleg leiar i Fjord Invest Industri i Førde. I tillegg er ho mellom anna styremedlem i Lutelandet utvikling, Flåm Utvikling og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Fretheim Hotell.

Ingen av dei tre har vore tilgjengelege for kommentar.