Hopp til innhold

Hadde med Terra-meklar på tur

Sunnmøre rådmannslag fekk både råd og pengar av Terra i Stockholm i 2001.

Stockholm.
Foto: Pressens Bild / Scanpix

Sunnmøre rådmannslag har motteke vel 1,3 millionar kroner frå forretningskontakter sidan våren 1999. Det kom fram då rådmannslaget la fram rekneskapa sine i dag etter lang tids press.

Les meir: Mottok 1,3 millionar

Les også: Rådmennene bøyer av

Les også: - Toler ikkje dagens lys

Les også: - Huff og bevare meg

Fekk Terra-råd om forvaltning

23. - 27. mai 2001 arrangerte Sunnmøre rådmannslag, med medlemmer frå Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal, studietur til Stockholm og Helsingfors.

Torsdag kl 17.30 fekk rådmennene pengeråd under tittelen "Kommuneforvaltningsforskrifta. Konsekvensar for kommunane." Føredragshaldar var Harald Nordberg, ein av dei to omstridde meklarane som seinare fekk skulda for Terra-skandalen.

120.000 frå sponsorar

57 personar deltok på studieturen, som var for rådmenn og tenesteleverandørar med følgje. 17 av dei var rådmenn.

Av totalsummen på 402.613 kroner, kom 120.000 kroner frå ulike sponsorar. 15.000 av dei hadde rådmennene fått frå Terra Forvaltning.

Studieturen til Stockholm og Helsingfors var fjerde og siste gong Terra bidrog med pengar eller råd, ifølgje rekneskapa rådmannslaget har offentleggjort.

Terra var med fram til 2001

Fram til 2001 var Terra involvert i rådmannsturane tre gongar:

Haustkonferanse Loen november 1999: Ola Steinagard i Terra Finans held føredrag om fondsforvalting. Her har ikkje rådmannslaget offentleggjort rekneskapet.

Studietur Berlin april 2000: Terra forvaltning bidrog med 15.000 kroner.

Haustkonferanse Loen november 2000: Terra holdt foredrag om gjeldsforvaltning. Terra Fonds sponsa turen med 8.572.