Sunnmøre Rådmannslag bøyer av for massivt press, og vil likevel offentleggjere rekneskapa sine for dei ni siste åra.
Rådmannslaget har mellom anna fått kritikk frå kommunalministeren for hemmeleghaldet, og for å ha reist på sponsa turar til utlandet.
Ville ha oversikt
Rådmann i Ålesund, Ragna Dahl Grønnevet, avviser at rådmannslaget snur.
– Vi ville ha ein totaloversikt over laget sine aktivitetar, det er bakgrunnen for offentleggjeringa.
Innan 20. juni vil det bli offentleggjort ein rapport der innhaldet i rekneskapa og lagsaktiviteten for dei 9 siste år blir gjort kjent.
- All informasjon om aktivitetane
Dahl Grønnevet seier at det er gamaldagse lagsrekneskap dei har for tidlegare år. Desse er så upresise at det er naudsynt å offentleggjere all informasjon om aktivitetane.
- Det lagsrekneskapet som har vore ga ikkje totalbiletet.