Hopp til innhold

- Huff og bevare meg

Fortvilar over rådmannslaget.

Tor Bremer
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Huff og bevare meg at det ikkje er mogleg å ta signal om kva samfunnet rundt ein meiner om så viktige, prinsipielle avgjerder, seier fylkesvaraordførar frå Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Tor Bremer.

- Klønete av rådmannslaget

Ingen ende

Turbulensen rundt Sunnmøre Rådmannslag, som består av rådmenn frå Nordfjord, Sunnmøre og delar av Romsdal, vil ingen enda ta.

På eit ekstraordinært styremøte den 15. mai stod rådmennene fast på at dei vil offentleggjere rekneskapa berre for dei to siste åra. Dermed neglisjerte dei krava frå alle fylkespartia i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, statssekretæren i kommunaldepartementet, profesorarar og mange andre som har oppmoda sterkt om innsyn. Også Tor Bremer, fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, krev offentleggjering. Bremer er oppgitt over korleis rådmennene handterer saka.

Held rekneskapen hemmeleg

- Eg er eigentleg mest oppgitt over at dei som skal vere dei administrative toppane i kommunane våre ikkje tek inn over seg folk si oppfatning i ei så viktig prinsipiell sak, seier han.

Sponsa turar

Bakgrunnen for det massive kravet om innsyn i rekneskapa er at rådmennene saman med ektefellar har vore på ei rekkje sterkt sponsa utanlandsturar, julebord og seminar. Også fylkesordførar Olav Bratland i Møre og Romsdal er fortvilt over rådmannslaget og krev offentleggjering av alle rekneskap.

- Slik saka har utvikla seg så er det mitt råd at det vil vere fornuftig av rådmannslaget å offentleggjere rekneskapa også for åra det no blir bedt om.

Slutt på sponsa turar for rådmenn

- Men kravet om offentleggjering har vart ei stund, og dei står likevel på sitt. Kva tykkjer du om det?

- Eg kan ikkje gjere anna enn å gje dei eit råd. Mitt råd er at dei offentleggjer rekneskapa, seier Bratland.

Fungerande leiar i rådmannslaget, Lasse Larsson Fjørtoft, ønskjer ikkje å kommentere saka.