Hopp til innhold

Innsett hadde hasj på cella

Ein hordalending i 50-åra må betale 4.000 kroner i bot etter å ha blitt tatt med hasj i Vik fengsel. – Vi ser meir stoff no, enn tidlegare, seier fengselssjefen.

Vik fengsel

TATT MED NARKO: Tilsette ved Vik fengsel fann hasj på cella til ein innsett.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi oppdagar slikt på rutinemessige kontrollar. Stoffet blir gjerne smugla inn i kroppens holrom, det blir overlevert under besøk eller ein har det med seg frå permisjonar, opplyser fengselssjef Roy Stadheim.

Det var under soning av ei fengselsstraff i Vik at den innfatte kjøpte to-tre gram hasj som han oppbevarte på cella si. Mannen har vedteke bota på 4000 kroner.

Røffare klientell gir meir stoff

Saka er isolert sett lita, men fengselssjefen ser ein klar trend på at det er meir stoff i omløp blant dei innsette enn tidlegare, då soningsanstalten gjekk under namnet Vik hjelpefengsel. Då var det gjerne promilledommar og andre mindre alvorlege domfellingar.

Seinare er fengselet bygt ut med ein avdeling med høgare tryggleik, og ein har fått eit røffare klientell.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Vik fengsel

39 PLASSAR: Vik fengsel har i dag 28 plassar med høgt tryggleiksnivå, og 11 med lågt tryggleiksnivå.

Foto: Nyhetsspiller

– Det er klart meir stoff i fengselet no enn tidlegare. Det er nok ein del som prøver seg, men så er også vi blitt flinkare til å avdekke det, seier Stadheim som snart håpar på klarsignal til å utvide fengselet med ytterlegare 30 plassar, frå dagens 39 til 69 soningsplassar.

Han strekar under at alle tilfelle der stoff blir avdekka, blir melde til politiet. Men dei blir gjort opp som eigne saker, som i tilfellet med den innsette hordalendingen som vart teken med hasj.

Politiet: – Meir vald enn stoff

Politiadvokat Erling Melvær som var påtaleansvarleg i den konkrete saka, seier han ikkje har inntrykk av at narkotika i Vik fengsel er noko stort problem.

Erling Melvær

HØYRER MANGE ORSAKINGAR: Politiadvokat ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Erling Melvær.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er ikkje ofte, men vi har nokre saker der folk anten har fått med seg små mengder inn, eller dei får tak i stoff medan dei sit på soning, seier han til NRK.

Ifølgje Melvær skuldar innsette som blir tekne på at dei gjerne hadde gløymt at dei har stoff på seg.

– Det hender også at stoffet i første omgang ikkje blir oppdaga under kontroll. Men dette opplever eg ikkje som noko stort problem i Vik. Det vi oftast får politimeldingar på frå fengselet er sjikanerande oppførsel og trugsmål, sjølv om det heller ikkje er ofte.