Hopp til innhold

Fengselsfange laga høgalter til gamalosten

Vik er som kjent sjølve mekka for gamalostelskarar. No kan dei som legg ut på pilegrimsferd til sognebygda, oppsøkja ein ny heilag innretning til ære for den magre ostesorten.

Høgalter for gamalosten

RIKT DEKORERT: Stavkyrkjeinspirert ornamentikk prydar alteret som fangen ved Vik fengsel har brukt nokre månader på å lage.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Høgalteret til gamalosten, i snikkarverkstaden ved Vik fengsel

FLOTT MØBEL: Høgalteret til gamalosten står no i snikkarverkstaden ved Vik fengsel.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Jens Brekke

Jens Brekke med – ikkje Fyrste Mosebok, men – Fyrste ostebok, der folk kan skriva ei helsing til den sunne ostesorten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har kalla det eit høgalter for gamalosten, men eg veit ikkje kva presten seier til det, seier leiar i Norsk gamalostlag, Jens Brekke.

Rikt dekorert med drakehovud

Gamalosthovding Jens Brekke og fengselsprest Olav Martin Hove står i snikkarverkstaden i Vik fengsel og betraktar ein heilt spesiell innretning som snart er klar til avduking.

Eit høgalter til gamalosten, rikt dekorert med drakehovud, stikkande ut frå eit tak dekt med takspon, på same viset som den nihundreårgamle stavkyrkja på Hopperstad. Ideen kom frå styremedlem i Norsk gamalostlag, Henning Rivedal.

– Han tenkte at det var fint å kunne ha ein plass med gjestebok – der folk kunne stige inn i alteret og skrive ei helsing om at dei har vore i gamalosten sitt mekka, seier Jens Brekke.

Einaste staden i landet

Om Vik ikkje er sjølve fødestaden til gamalosten, så er meieriet i bygda det einaste i landet som lagar akkurat denne ostesorten. Og me snakkar altså om eit høgalter til ein mager ost laga av sur skummamjølk. For det er leiaren i Norsk gamalostlag ikkje i tvil om at gamalosten fortener.

– Absolutt. Gamalosten er nemnd i Njåls saga og den er tusen år gammal. Den er eldre enn stavkyrkjene våre. Den har nesten vore utryddingstruga, salet har gått ned, gamalostetarane har falle frå og nye har ikkje rekruttert seg. I seinare tid har det vore tre doktorgrader om gamalosten, så gamalosten fortener verkeleg eit slikt alter, seier Brekke engasjert.

Laga av gammal alm frå prestegarden

Hopperstad stavkyrkje i Vik

GAMAL KYRKJE: Inspirasjonen til alteret er henta frå Hopperstad stavkyrkje i Vik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fengselsprest Olav Martin Hove seier at frå gamalt av er alteret ein offerplass.

– Slikt sett er det kanskje ikkje rett å kalle det eit alter, men vi veit at i kyrkja blir alteret også brukt til å bere fram takk. Difor tykkjer eg det er greitt å ha ein plass og ei bok der ein kan skrive seg inn i takksemd for at tradisjonen med gamalost blir teken vare på. Og gamalosten handlar om å ta vare på livet, seier Hove.

Trevirket er alm frå den nedsaga prestegardsalleen i Vik, som den framsynte snikkaren Edvin Skjerven tok vare på. Og sjølve gamalostalteret er laga frå grunnen av ein innsett ved Vik fengsel. Han ar brukt dei siste tre månadene på arbeidet.

– Eg tykkjer det er flott at vi på den måten kan synleggjere at her på treverkstaden i fengselet, kan vi lage flotte ting som einkvar møbelsnikkar kan vere stolt av, seier fengselspresten.

Olav Martin Hove, Jens Brekke og Roy Egil Stadheim

STOLTE: Fengselsprest Olav Martin Hove, gamalosthovding Jens Brekke og leiar Roy Egil Stadheim ved Vik fengsel er imponert over alteret som fangen har laga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det står respekt av dette

På laurdag skal alteret høgtideleg avdukast på Gamalostfestivalen i Vik. Leiar ved Vik fengsel, Roy Egil Stadheim, meiner det står respekt av dei mange hundre arbeidstimane som den innsette har lagt ned.

– Det å få spele på lag med bygda, lag og organisasjonar tykkjer eg er veldig kjekt. Det er også givande for dei innsette. Dei kan ufatteleg mykje. Gir vi dei tillit og tid, klarar dei det meste. Men akkurat dette alteret hadde ikkje alle klart, så det står respekt av det arbeidet som er gjort her, seier Stadheim.

Trur alteret blir ein attraksjon

På meierikafeen i Vik sentrum viser Jens Brekke kva gamalost-alteret skal stå.

– Vi må flytte ein frysedisk, så litt ommøblering blir det. Men alteret går akkurat under taket her, seier Brekke.

Berre ein vegg unna ligg nye tonn med gamalost til modning. Brekke trur høgalteret vil bli ein attraksjon.

– Når vi får eit så flott møbel her, vil folk sperre augo opp. Det blir nesten som ei miniatyr-stavkyrkje. For meieriutsalet må det bli reine smykkeskrinet, seier Brekke.

Ostebaren i Vik

FÅR PLASS I OSTEBAREN: Her, i Norges einaste ostebar i Vik meieri, skal høgalteret til gamalosten stå og avdukast under Gamalostfestivalen i helga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK