Oppdrettsgigant doblar satsinga: – Taren blir eitt av beina me skal stå på

TYSNES (NRK): Algesatsinga foreiner oppdrettsnæringa og miljøvernarar i jakta på nye matressursar. Noregs største tareprodusent sel unna alt dei greier å laga.

Bilder fra Lerøy

I eit nedlagd laksepakkeri på Reksteren i Tysnes kommune står boblande flasker under raudt lys i eit gamalt kjøleskap.

To gram av denne miksturen med algekultur kan på mindre enn eitt år gi tonnevis med sukkertare.

I Asia har tang og tare i generasjonar hatt ei sentral rolle. Slik har det ikkje vore i Europa.

Men jakta på nye matressursar, strengare krav til karbonlagring og omstilling mot sirkulær bioøkonomi banar veg for det som kan bli ei gigantnæring.

– Eg trur tare vil vera eitt av dei beina Lerøy skal stå på, ved sidan av laks- og aureoppdrett, seier teknisk leiar i Lerøy Seafood Group, Harald Sveier.

Sukkertare-dyrking, Lerøy

MAGISK VEKST: To gram av denne kulturen kan gi eit par tonn sukkertare. Det raude lyset hindra at veksten tek til. Etter at denne kulturen blir smørt på ein kolbe med tynt tau, blir kolben plassert i kar i seks veker. Deretter er algesporane klare for sjøsetjing.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Frå 2 centimeter til 2 meter

Dyrking og hausting av tang og tare er i dag ei lita næring i Noreg.

I dag er det rundt 40 selskap som driv med oppdrett og hausting av tare langs norskekysten, ifølge NHO.

På Reksteren produserer Lerøy stiklingane som i oktober blir plasserte ut på tau i sjøen.

Då er stiklingane to centimeter lange, etter å ha lege i vasstankar i seks veker. Eit halvt år seinare har algeplanten vakse til over to meter.

– Me brukar ikkje landareal, ferskvatn, næringssalt eller sprøytemiddel. Taren hentar sjølv alt frå havet. Så det er veldig berekraftig, seier Sveier.

Selskapet deira Ocean Forest har fått klare styringsprinsipp frå konsernleiinga i si taresatsing:

  • redusera fotavtrykket frå lakseproduksjonen ved at tarefarmane tar opp næringssalt frå fiskefôr og -avføring.
  • laga nye artar i norsk havbruk
  • laga råvarer til dyrefôr og fiskefôr
Sukkertare-dyrking. Lerøy-direktør Harald Sveier

HAVETS GULE GULL: Lerøy-direktør Harald Sveier leiar sukkertare-prosjektet gjennom selskapet Ocean Forest.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Storaktør kjøper seg inn i tareselskap

Eigenskapane til algeplanten gjer at den på sikt kan erstatta plast i emballasje, fossile brensel i drivstoff og soya i dyrefôr. I tillegg kan den rasktveksande algeplanten binda opp store mengder CO₂ – knapt utan innsatsfaktorar og utslepp.

Dyrking av tang og tare blir av Sintef difor peikt på som ei av dei biobaserte næringane som har stort potensial for vekst i framtida.

I slutten av september kjøpte matvarekonsernet Orkla Foods seg inn i råvareprodusenten Arctic Seaweed AS.

– Me trur dette er ei næring som kan veksa kraftig dei neste tiåra og bidra til det grøne skiftet, uttalte Ann-Beth Freuchen, konserndirektør i Orkla.

Etter å ha forska og testa i sju år er miljøorganisasjonen Bellona og oppdrettsgiganten Lerøy klare for å kommersialisera sukkertare.

Men så langt har fleire av gjennombrota latt venta på seg. I alle fall dei som knyter seg til taren som kjelde til menneskemat.

– Me skulle nok ønska at me hadde kome lenger med tanke på utnytting av algar til menneskemat, seier Bellona-sjef Frederic Hauge.

Berre rundt 5 prosent av Lerøy sin tareproduksjon blir i dag nytta på europeiske middagsbord. Sjømatkrydder er blant segmenta Lerøy forsøker seg på.

Sunniva Tangen Haldorsen i Ocean Forest

TAREDYRKAR: Sunniva Tangen Haldorsen framstiller algestiklingar i Lerøy sitt anlegg på reksteren. Kolben ho har i handa har lege seks veker i vasskar og er no klar for sjøsetting.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Reduserer utslepp frå kyr

Som dyrefôr er ingrediensen derimot svært ettertrakta. Europeiske bønder har fått pålegg om å redusera metanutsleppa frå drøvtyggarane. Ein måte å gjera det på er å tilsetja enzym-hemmarar som hindrar gassproduksjonen.

Det har gjort eigenskapar i algen ettertrakta.

I fjor produserte selskapet Ocean Forest 75 tonn tare på fire lokalitetar utanfor Hordalands-kysten.

Alt blei bestilt av store storfeprodusentar på kontinentet.

– Taren er så etterspurt at dei me selde til i fjor var veldig fortvila over at me ikkje hadde meir, seier Sveier, som også er dagleg leiar i Ocean Forest.

Tareproduksjon på Reksteren i Tysnes kommune

TAREKAR: Produksjonsansvarleg for stiklingar Sunniva Tangen Haldorsen er den einaste tilsette på Ocean Forest sitt algestiklingsanlegg på Reksteren.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Doblar produksjonen

Til neste år skal talet doblast. 300 tonn sukkertare, alt med utgangspunkt i eit gamalt kjøleskap på Reksteren.

– Me aukar produksjonen i takt med etterspurnaden. Me har planar om å ekspandera, men ikkje meir enn det med marknaden kan ta unna, seier Sveire.

I år håpar han at selskapet går i null. Så langt har dei ikkje tent pengar på prosjektet.

– Konsernleiinga i Lerøy har klare forventingar om at dette skal medføra inntening, konstaterer han.

Arbeidet med å finna nye bruksområde går no føre seg for fullt. Bellona-sjefen har store forventingar.

– Det vil bli ekstremt viktig å finna nye måtar å produsera biomasse på i framtida. Raskt veksande algar kan brukast både til mat og til fiske- og dyrefôr. Dette er også ein svært effektiv måte å binda CO₂ frå lufta, og det kan mellom anna bli biodrivstoff, seier Hauge.

Sukkertare-dyrking. Ole Kristian Kjærgaard, Lerøy

SJØSETJING: Ole Kristian Kjærgaard syter for at det tynne tauet på spolen blir festa til det tjukke tauet som taren skal veksa på.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Sjømat Noreg håpar på betre bruk

Også interesseorganisasjonen Sjømat Noreg trur taredyrking vil bli stor i dei næraste åra.

– Me trur algedyrking i framtida kan bidra til å skapa endå fleire arbeidsplassar, samstundes som det i seg sjølv er eit godt klimatiltak. Med tida håpar me at produkta kan gi endå betre bruk enn i dag, seier kommunikasjonssjef Henrik Wiedswang Horjen.