Hopp til innhold

Med stengd tunnel kjem dei seg ikkje til skulen, no kjem lærarane til dei

Elevane frå Gudvangen greier ikkje å møte til skulestart i Flåm. Difor kjem lærarane til Gudvangen.

Gudvangen-familie

LÆRARANE KJEM TIL DEI: Mor Anne Siri Henjum Skjerven med døtrene Veronica (i blått) og Henriette.

Foto: privat

Vegen til skulen i Flåm er framleis stengd etter brannen i Gudvangatunnelen og kjem til å vere det i tre veker til.

Nedlagd skule i bruk att

Men no tek Aurland kommune i bruk utradisjonelle metodar og skyssar lærarane med båt til elevane i Gudvangen og tek igjen i bruk den nedlagde Skjerping skule.

(Artikkelen held fram under biletet).

Gudvangatunnelen stengd etter brann

STENGD ENNO EI STUND: Gudvangatunnelen er framleis stengd etter tunnelbrannen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Anne Siri Henjum Skjerven er mor til Veronica og Henriette, som eigentleg skulle ha sett seg på skulebussen til Flåm i dag.

– Det blir litt rart, for Veronica som skal til i sjuande klasse, har gledd seg halve sommaren til å byrje på skulen og treffe venene sine i Flåm, så det blir litt tuske.

– Beste løysinga

Rektor Astrid Hassel ved Flåm skule seier at når ikkje elevane kjem seg til skulen får skulen kome til elevane. Dei andre alternativa hadde anten vore å sende elevane med rib-båt. Det vil seie 50 minutt med pendling, eller at dei hadde vorte sende til Sundve skule i Voss kommune.

(Artikkelen held fram under biletet).

Flåm skule

HER SKULLE DEI HA VORE: Flåm skule, der elevane frå Gudvangen går til vanleg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Rektoren meiner det er den beste løysinga å sende lærarar til Gudvangen.

– Vi har fått positive reaksjonar frå dei foreldra som høyrer til Flåm skule, eg har ikkje høyrt anna enn at dei synest dette er ei gledeleg løysing.

– Stiller sporty opp

Ordførar Noralv Distad meiner lærarane i kommunen stiller godt opp for elevane.

– Skulen er til for elevane, og eg synest lærarane nettopp viser det, at dei stiller sporty opp, og då er dette ei glimrande løysing.

Anne Siri Henjum Skjerven meiner at sjølv om dette er ei god løysing i den perioden vegen er stengd er ikkje eit klassemiljø med berre fire elevar noko særleg.

– Det blir så små forhold, dei er byrja å bli store desse ungane, men akurat no er dette eit kjempeflott opplegg.