– Mange på vår alder er nok interesserte i det som skjer i nærmiljøet, men får det ikkje med seg fordi det er for dyrt å ha abonnement.
Det seier Tiril Fuglestrand (17) frå Gloppen. Ho og venninna Isabella Fugle (16) er ein del av målgruppa mellom 15 og 20 år som no får gratis tilgang til over 120 norske aviser.
– Eg tippar det blir fleire som følgje med no som det ikkje kostar noko, seier Fugle.
Begge fortel at dei ofte har lyst til å lese saker frå nærområdet – som ulukker, spesielle hendingar, eller når ungdom på deira eigen alder er involverte.
Ingen abonnement? Då blir du møtt med denne sida her.
Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRKLogg inn – les gratis
Denne veka lanserte mediekonsernet Amedia, den største avisutgivaren i Noreg, tilbodet om gratis tilgang til sine aviser. Det skjer ved at unge kan logge seg inn gjennom aID og aldersverifisering via BankID.
Marte Ingul, konserndirektør for samfunn og kommunikasjon i Amedia, seier at satsinga på gratis aviser til ungdom handlar om å styrke demokratiet ved å gi dei enklare tilgang til digital journalistikk.
Det er Amedia som står bak den nye satsingen på gratis aviser.
Foto: Vidar Ruud / NTB– No gjeld det som mest. Vi går snart inn i ein valkamp, og verda pregast av uro og konflikt. Då er det viktig at unge enkelt kan følgje med på nyheiter der dei bur – og i resten av landet.
– Viktigaste for oss er at unge faktisk tar i bruk tilbodet og får etablert gode medievanar, seier Ingul.
Kampen om dei unge
Medievitar Magnus Hoem Iversen peikar på at redaksjonelle medium i dag står i ei krevjande brytingstid, der jakta på unge lesarar er avgjerande for framtida til journalistikken.
– Unge folk betalar ikkje for journalistikk på same måte som vaksne. Først når ein passerer 25 år aukar sjansen for at ein stemmer ved val, abonnerer på avis og bryr seg om lokale saker, seier han.
Han meiner satsinga på gratis tilgang til aviser for ungdom, slik Amedia no gjer, kan vere eit viktig steg.
– Amedia prøver å bygge lojalitet tidleg og skape gode medievanar. Det kan fungere, men det står att å sjå om dei unge faktisk tek tilbodet i bruk. Då må det vere enkelt å logge inn, og innhaldet må vere relevant, understrekar han
Han forklarar at media får hard konkurranse frå store teknologigantar, og at mange unge får nyheitene sine frå sosiale medium og influensarar.
– Det er ein kamp om dei unge, og media må vise at dei er relevante, seier Hoem Iversen.
Medievitar Magnus Hoem Iversen forklarar at det er hard konkurranse om å nå dei unge.
Foto: Karoline Forberg / NRKFærre unge les nettaviser
I 2022 svarte 67 prosent i alderen 9 til 18 år at dei las nettavis. No er talet nede i 52 prosent, ifølgje Medietilsynet sin rapport om «Barn og medium 2024».
Sosiale medium er den klart viktigaste kjelda til nyheiter for denne aldersgruppa. TikTok, Snapchat og YouTube er dei mest brukte plattformene – sju av ti unge seier dei får med seg nyheiter derfrå.
Rapporten viser òg at det særleg er nyheiter frå Noreg, lokale saker, utanriksstoff og sportsnyheiter som ungdommen er mest interessert i.
Kjem du som er mellom 15 og 20 år til å registrere deg for å gratis tilgang til avisene?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Fantastisk bra respons
Fredriksstad Blad er ei av to aviser som deltok i testlanseringa av tiltaket, og har sidan 11. juni gjort det mogleg for ungdom å lese avisa deira utan å betale.
Responsen har vore over all forventing, ifølgje ansvarleg redaktør Renè Svendsen.
– Vi nærmar oss 700 registreringar, og det bur litt under 7000 i denne målgruppa i dekningsområdet vårt. Så at 10 prosent har registrert seg på berre ei og halv veke, synest eg er fantastisk bra, seier han.
Bergensavisen starta offisielt tiltaket på måndag. Allereie dei første timane såg avisa stor pågang.
No får ungdom 15 til 20 år tilgang på fleire norske aviser.
Foto: SKJERMDUMP / NRKGuro Valland som er redaktør i avisa synest det er eit spennande prosjekt.
– Vi veit at det kan vere vanskeleg å få ungdom inn i faktasjekka og redaktørstyrte media. Abonnement tilgangen kan ofte vere ein barriere, så dette er ei enorm tilgjengeleggjering som ikkje har blitt prøvd før, seier Valland.