Hopp til innhold

Fekk att kameraet ni år etter at han mista det på fjelltur

Daniel Kvåle mista kameraet sitt på Jostedalsbreen . No har det kome til rette, og det fungerer enno.

to menn som står i snøen

GODE MINNE: Geir Orrestad og Daniel Kvåle på eitt av bilda som dei trudde dei aldri skulle få sjå igjen etter turen over Jostedalsbreen i 2016.

Foto: Daniel Kvåle

Mai 2016. Sola skin. Det er shortsvêr. Ein perfekt dag for å gå Jostedalsbreen på langs.

Daniel Kvåle og to kameratar spenner på seg skia og legg ut på tur.

På vegen vil dei få med seg toppen av Kjenndalskruna, som ruvar 1830 meter over havet.

– Landskapet er heilt vanvitig flott og det måtte sjølvsagt dokumenterast skikkeleg, fortel Kvåle.

Han knipsar mange bilde med GoPro-kameraet sitt. Men etter skituren ned frå toppen, er det borte vekk.

– Me leita nok ein times tid etter det, men måtte gi opp då det var både ur og snø opp mot toppen, så det var umogleg å finna.

Lenge hadde han eit håp om at turgåarar skulle finna kameraet seinare i sesongen, men det skjedde ikkje.

Før no. Ni år seinare har det kome til rette.

folk som går i på ski på Jostedalsbreenein person som går på ski over JostedalsbreenEt snødekt fjell med blå himmel

Nokre av bilda som Daniel tok då han gjekk Josten på langs saman med kameratane Geir Orrestad og Stig Nord for ni år sidan.

Daniel Kvåle

Fann det i steinura

Janne Eikås var på veg til Kjenndalskruna tidlegare i juni då ho fekk auge på det vesle kameraet i steinura like før toppen.

– Eg lurte på kva vêrforhold personen som eigde det hadde hatt på akkurat same tur.

Ho tok det med seg heim. Etter litt googling og med god hjelp frå dottera og sambuaren, fekk ho lada det og kopla det til ein PC.

Det hadde vore godt beskytta av eit deksel, men overraskinga var likevel stor då det faktisk fungerte.

ein person som står på et fjell
ei snødekt isbre med fjellet Kjenndalskruna i bakgrunnen

Eikås kom seg til Kjenndalskruna tidlegare i år. Like nedom toppen fann ho kameraet i ei steinur.

Janne Eikås

Dei klarte å overføre nokre av bilda, deriblant ein selfie av Daniel. Så posta Janne eit innlegg i ei turgruppe på Facebook.

– Eg fekk veldig raskt respons på innlegget. Så håpar eg at eigaren fekk att mange fine augneblink.

Kvåle fekk ei melding frå ein kjenning som hadde sett innlegget til Eikås.

– «Wow», tenkte eg, «korleis er dette mogleg». Like etter ringde ho meg og var minst like glad som meg for at ho hadde klart å finna ut kven som var eigaren, seier Kvåle.

Bildet viser et innlegg på en turgruppe på Facebook der en person etterlyser eieren av et GoPro-kamera.
Foto: Skjermbilde / Facebook

Les også Fikk bilen stjålet i 2015 – åtte år senere dukket den opp fra havets bunn

Bil Harstad

Blitt påkøyrd av grasklippar og rygga på

Kvåle synest det er «ganske utruleg» at kameraet har overlevd ni vintrar på nesten 1830 meters høgde.

– Vi veit at GoPro er laga for å tole ein støyt eller to, men å overleve i nesten ti år på fjellet set verkeleg ein høg standard for haldbarheit, seier Arianit Dervishi, kundeansvarleg hos Response Norden, som er distributør av GoPro i Norden.

Han har tidlegare høyrt om kamera som har overlevd alt frå å bli rygga på av ein bil til å hamne under ein grasklippar, men ingenting i nærleiken av det Daniels GoPro har vore gjennom.

– Eg vil seie at dette er mi nye favoritthistorie, seier Dervishi.

  • ein familie på steinur

    Eitt av minna som har kome til rette. Daniel og familien på tur til Fannaråki hausten 2015. – Spesielt rart og artig var det å sjå att bilda frå denne turen, då sonen min Petter var 1,5 år – no er han 11 år, fortel Kvåle.

    Foto: Daniel Kvåle / Privat
  • To menn går på ski over Jostedalsbreen i strålande solskin og blå himmel.

    Fleire bilde frå turen over Jostedalsbreen i 2016.

  • Ein mann står på toppen av fjellet Kjenndalskruna i strålande solskin.

    Her er Daniel på toppen av Kjenndalskruna i 2016. Under nedfarten mista han GoPro-kameraet.

  • tre menn med ski i hendene står på ein parkeringsplass ved ein bil.

    Daniel og turkameratane Stig Nord og Geir Orrestad frå turen over Josten. Rykta seier at Stig framleis er solbrent.

For Kvåle var det ergerleg då han mista alle bilda og videoane han hadde på kameraet, men historia fekk ein lukkeleg slutt.

– Det var jo heilt enormt kjekt å få dei att og eg er veldig takknemleg for at Janne la ned den innsatsen ho gjorde for å kopla kameraet og meg saman.

Alt som ikkje er stole eller brent, dukkar opp igjen, seier ordtaket.

Daniel Kvåle held opp action-kameraet som han har fått att etter mange år.

LUKKELEG SLUTT: Etter ni år fekk Kvåle attende kameraet sitt.

Foto: privat

Les også Fant igjen forlovelsesringen etter 13 år – på en gulrot

Mary Grams

Les også Hildes lommebok dukket opp etter 15 år: – Aldri gjort et funn i nærheten av dette før

Fant lommebok etter 15 år Hilde Johannesen

Les også Fant flaskepost fra sin døde lillebror – etter 23 år

Helene Wilhelmsen