Hopp til innhold

Google-bilen i Luster

Linselus eller ikkje, sogningar må uansett belage seg på å finne nærbilete av seg og nabolaget sitt på internett.

Google-bilen

FULL OVERSIKT: Dei sju kamera som er festa til taket på Google, tek bilete i ein omkrets av 360grader. Her i Oslo.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Ein kamerabil på amerikansk oppdrag ved Lustrafjorden er på alle sine lepper om dagen.

Måndag blei køyretøyet med sju kamera og laserutsyr på taket observert både på Hafslo og i Høyheimsvik.

Google-bilen er truleg på veg mot Solvorn, som er ein utruleg nydeleg plass

Jan Grønbech, Country Manager i Google Noreg

– Ein raud Opel personbil med høg "mast" og 360 graders kamera på taket rulla rundt i gatene, fortel Kolbjørn Haganes frå Høyheimsvik i Luster.

– Overraska

Etter nærmare skue, kunne Haganes lese på panseret at «snikfotografen» var det amerikanske dataselskapet Google.

– Eg vart litt overraska over å sjå bilen deira her, fortel Haganes som ikkje har noko imot å ha Google på besøk.

Google-bilen knipsar bilete til selskapet si berømte Street View-teneste. Tenesta viser bilete frå gatenivå på Google si kartteneste.

Blir verande i området

Bilen kom til Noreg i fjor vår, og starta fotograferinga i Oslo og i Bergen.

Ifølgje Jan Grønbech i Google Noreg vil bilen truleg vil halda seg i Sogn og Fjordane i ei stund framover.

Sjå om du finn bilete frå ditt nabolag på Google Maps med Street View.

– I Sogn og Fjordane er det mange flotte område som me kan tenkje oss å få bilete av på karttenesta vår. No er bilen truleg på veg mot Solvorn, som er ein utruleg nydeleg plass, seier Grønbech

At Google no inntek Sogn og Fjordane har Haganes frå Høyheimsvik ingenting imot.

– Det er no berre tøft å verta avbilda på Google-kartet. Bra reklame for Indre Sogn, seier han.

Sladdar fjes

For kvar tiande meter som bilen legg bak seg, vert det knipsa bilete i alle vinklar. Kameralensene forevigar alt som måtte vere innan rekkevidde, men andlete vert sladda.

– Sladdinga skal skje automatisk, men det hender at teknologien sviktar. Om ein opplever dette og ønskjer å få eit bilete fjerna, har me full respekt for det, seier Grønbech i Google.

Kva tid bileta som er tekne i Luster vil verta tilgjengelege på internett, kan han ikkje svare på.

– Det er snakk om enorme mengder med bilete som skal sorterast. Det kan ta mange månadar.

Har du bilete av Google-bilen i Sogn og Fjordane? Send det gjerne til oss.