Hopp til innhold

Godt halvår for Helse Førde

Helse Førde har eit resultat på 28,3 millionar kroner etter første halvår. Dette er 14,3 millionar betre enn budsjettert.

Førde Sentralsjukehus

GODT RESULTAT: Helse Førde har lagt bak seg eit av dei beste halvåra økonomisk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er eit fantastisk resultat vi legg fram etter første etter første halvår. Eg må rose dei tilsette som her gjort ein kjempejobb, seier administrerande direktør Arve Varden.

I tillegg peikar Varden på at helseføretaket blant anna har hatt høgare inntekter frå laboratoriet og mindre utgifter til pasientreiser som forklaring på det gode resultatet.

– Vi har hatt mange faktorar som har gått i vår favør, seier Varden.

Store investeringar

Helse Førde planlegg investeringar for 1,5 milliardar kroner dei komande ti åra for å ruste opp Førde sentralsjukehus. I år blir det også investert over 30 millionar ved sjukehuset i Lærdal.

Arve Varden

GÅR I PLUSS: Arve Varden er administrerande direktør i Helse Førde.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Dersom vi skal kunne gjere desse investeringane så er vi heilt avhengige av gode resultat, seier Varden.

I 2018 budsjetterer helseføretaket med 28 millionar i pluss ved årsslutt. Etter første halvår ligg dei 14,3 millionar over budsjettet.

– Til neste år har vi eit budsjett der vi skal gå 36 millionar i pluss. Dette er overskot som vi treng for å kunne gjennomføre dei store investeringa som vi skal gjere rundt nye Førde sjukehus, seier Varden.

Spent på sommarmånadene

Helse Førde har hittil i år hatt inntekter som er 4,3 millionar kroner over budsjett. Ein av grunnane til dette er høge inntekter frå verksemda på laboratoria. I tillegg har føretaket hatt lågare kostnader til medikament og pasienttransport enn rekna med. Resultatet i juni var på 3 millionar kroner.

– Vi er spente på drifta vår i ferietida. Sommarmånadane er kritiske for alle helseføretaka. Dette er ein periode med mindre bemanning enn vanleg, og då er vi spente på kva det vil føre til av ekstra innleige og overtid, seier Varden.

Møter til time

Folk i Sogn og Fjordane er svært flinke til å møte til time. I juli var det berre 2,21 prosent av timeavtalane avlyste på grunn av pasientar som ikkje møtte.

– Det må vere noko av det lågaste Helse Førde nokon gong har registrert, og klart best i Helse Vest, seier Varden.

Korte ventetider

Ventetidene i Helse Førde er stabilt låge. I snitt venta pasientane 47 dagar i juni. I mai var ventetida 49 dagar.

Talet på pasientar er omtrent som i fjor. Det er vekst i talet på dagkirurgi/dagopphald, men ein liten reduksjon i den polikliniske aktiviteten. Talet heildøgnsopphald er på same nivå som første halvår i 2017.