Hopp til innhold

Godkjenner ikkje budsjettet

Ryddejobben etter Terra ikkje god nok for Fylkesmannen.

Fylkesmann Oddvar Flæte
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Terra-skandalen: - Vik sin eigen idè

Fylkesmannen godkjenner ikkje Vik kommune sitt budsjett for 2008.

Kommunen har store tap på plasseringar i verdipapirmarknaden og budsjettet er difor vedteke utan at alle utgiftene er inndekka.

Kommunen er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, ettersom den har tapt store summar på sine plasseringar i verdipapir og kommunen klarer ikkje å utarbeide eit budsjett for 2008 i balanse. Med grunnlag i vedteke budsjett vil og økononomiplanen vere i ubalanse, skriv fylkesmannen på sin internettside.