Hopp til innhold

Gode tider for lokale bryggeri

Fleire lokale bryggeri kan glise breitt etter denne sommaren. Ved Ægir Bryggeri i Aurland noterte dei seg med ny salsrekord.

Evan Lewis hos Ægir bryggeri.

GÅR GODT: Evan Lewis og dei andre hos Ægir Bryggeri i Aurland kan gle seg stort over salstala denne sommaren.

Foto: Birger Meland / NRK

– Juli er ein rekordmånad for oss, der salet ut frå oss ligg på rett under 100.000 liter, seier bryggerisjef Vegard Bratteteig til NRK.no.

Og at han gler seg stort over dette er kanskje ikkje så rart. For i høve til førre rekordmånad er dette ein veldig auke.

– Den tidlegare rekordmånaden vår var på rundt 65.000 liter, så det er ein betydeleg auke. Vi ventar også at august skal bli bra, seier han.

Ølsalet går opp

Og bryggesjefen er ikkje den einaste i bransjen som kan gle seg. Ifølgje Bryggeri- og drikkevareforeininga er årets julimånad den beste sidan 2009.

Ølsalet var 10 prosent høgare enn i fjor, medan salet av vatn på flaske auka med heile 20 prosent. Brussalet derimot, det er som før.

– Vi drikk sunnare enn nokon sinne. Vatn tek andelar frå brus, alkoholfritt øl og lettøl aukar kraftig, seier Petter Nome i Bryggeri- og drikkevareforeininga.

Stor interesse for spesialøl

I Aurland kan Ægir Bryggeri skryte av over 30 forskjellige ølsortar. Vegard Bratteteig meiner det er vanskeleg å kome med noko eintydig svar på kvifor dei har selt så bra.

– Vi lagar godt øl, det er det første.

– Så ser vi ein oppsving i kulturen når det gjeld øldrikking, med tanke på forskjellige smakar, stilar og kor mykje pengar folk er villige til å bruke på det, seier han.

– Vi ser at folk er interessert i dyrare og lokale varer, og kvalitetsråvarer. Så vi føl eigentleg berre trenden som gjeld for næringsmiddel i Norge no, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Espen Lothe, Kinn bryggeri.

SPESIALØL: Espen Lothe ved Kinn Bryggeri i Florø opplever at det er stor interesse for spesialøl.

Foto: Birger Meland / NRK

Har utvida for å kunne levere nok

Bryggerimeister Espen Lothe ved Kinn Bryggeri i Florø ser også at interessa for spesialøl er stor og aukande.

Lothe kan som bransjekollegaen i Aurland ikkje skryte over noko rekordmånad i juli og seier dei selde 10900 liter i juli månad. Forklaringa på at dei ikkje kan skilte med noko rekord er slett ikkje laber interesse.

– Vi skifta produksjonslokale i juni, så i juli hadde vi ikkje så mykje å selje. Men hadde vi hadde mykje øl, så hadde vi heilt klart selt mykje.

– Interessa for det vi driv med er veldig stor, og vi har i langt tid ikkje klart å levere nok til å dekke etterspurnaden, seier han.

På plass i nye produksjonslokale skal dei derimot klare å møte etterspurnaden fortel Lothe.

– Før greidde vi å presse ut vel 4000 liter i veka i dei gamle produksjonslokala, no greier vi nesten 4000 liter per bryggedag. Vi kan ha fire-fem bryggedagar per veke i det nye bryggeriet, så no kan vi mangedoble produksjonen, seier han.

Oppgang for liten del av bransjen

Han legg ikkje skjul på at framtida ser lys ut, og viser til ein kraftig vekst for småbryggeri landet rundt.

– Dei som leverer handverksbryggeri har hatt ein vekst på 50 prosent årleg, og det er ganske mykje når det totale konsumet av øl i Norge har gått litt nedover. Det er altså ein liten det av bransjen som aukar veldig, seier Lothe.

Han er samd med forklaringa til Bratteteig ved Ægir Bryggeri om at folk er blitt meir bevisste på kvalitet, og er villige til å betale for det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øystein Meland

REKORD: Styreleiar Øystein Meland i Balder Brygg kan melde om rekordår for deira del.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Har aldri gått så bra

At spesialøl er noko folk vil ha merkar også Øystein Husefest Meland i Balder Brygg AS på Leikanger.

– Vi har aldri fakturert så mykje for øl som i 2013, seier han.

Frå juni månad til juli månad i år hadde bryggeriet ei auke på heile 75 prosent på salet av lokalølet.

– Det er fleire forhold som gjer at vi har selt meir. Vi har auke produksjonen og fått ein større og meir stabil produksjon.

Trur på gode tider framover

Espen Lothe ved Kinn Bryggeri trur ikkje dei gode tidene vil få ein brå slutt med det første.

– Det er ikkje noko som tyder på at ølsalet skal gå tilbake. Det er litt slik at om du har fått smaken på noko godt, så er det vanskeleg å gå tilbake til noko som er mindre bra.

– Sjølv om vi lever i ei økonomisk boble her til lands i forhold til resten av Europa, der folk har lagt seg til litt dyrare vanar med dyrare mat og drikke, så er det ikkje ting som kostar skjorta. Eg trur ikkje ein eventuell økonomisk tilbakegang i Norge vil bremse denne utviklinga, seier Lothe til NRK.no.