Mange turistar svikta Norge som turistland i fjor. Frykta for terror og SARS-epidemien gjorde at spesielt turistar frå USA og frå asiatiske land heldt seg heime. Den høge kronekursen skremde også turistane frå å komme.
Bra i heile fylket
NRK Sogn og Fjordane har vore i kontakt med fleire reiselivsbedrifter i fylket. Hos Vestkysten reiseliv i Flora har sesongen til no i år vore veldig bra, seier Mette Gundersen. Og trenden ser ut til å vere den same overalt. Sognefjord reiseliv fortel at besøket er svært bra i år, og turistkontora i Nordfjord melder om godt besøk. Og ved Skei Hotel i Jølster har dei hatt ein omsetnadsauke på 32 prosent i juni i år i høve til i fjor.
Flest tyskarar
Framleis er den tyske marknaden den største, men at andre nasjonalitetar no ser ut til å vende nordover har mykje å seie for den positive utviklinga, seier Richard Grov.