Hopp til innhold

Gladmelding etter ei våt helg: Reknar Sotra-brannen som sløkt

Mykje nedbør har bidrege til at brannen som herja på Sotra i ei halvanna veke endeleg kan reknast som sløkt.

Like etterpå blir familien Bazou evakuert

BRANN: 500 personar måtte evakuere som følgje av brannen på Sotra. Eitt hus og ei hytte gjekk tapt.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Tørt vêr og vind skapte hodebry for brannmannskapa som jobba for å få kontroll på brannen som spreidde seg i stor fart.

Men gjennom helga har det kome mykje nedbør over Vestlandet. Brannsjef Jarl Hestad er éin av dei som prisar seg lykkeleg over pøsregnet.

– Vi kan senke skuldrene no, seier seksjonsleiar i Øygarden brann og redning, Jarl Hestad.

Han kan stadfeste at brannmannskapa ikkje lenger leitar etter brann i området.

Vil de seie at brannen offisielt er sløkt?

– Ja, sett i forhold til om vi gjer aktivt arbeid, så er den det, seier Hestad.

Øygarden pk jarl hestad

TRAVEL: Seksjonsleiar i Øygarden brann og redning, Jarl Hestad i arbeid då det brann på Sotra.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Kan ulme i lang tid etter

Før helga meinte vaktkommandør Tore Fanebust i 110-sentralen at regnet som var kome ikkje var nok til å kjøle varmen i jorda.

– Det er fuktig jord, men det er så mykje varme i bakken at det fordampar fort. For å seia det sånn, me håpar på ei god rotbløyte, sa han til NRK førre fredag.

Mykje nedbør vil kunne hindre oppblussingar og spreiing. Likevel kan det ulme i lang tid etter.

– Eg har opplevd at det har byrja å ulme ein månad etter store brannar tidlegare. Men regnet gjer at det ikkje er reell spreiingsfare. Det kan til og med vere mogleg å sjå ei lita røykstrime, men vi ser ikkje på dette som veldig farleg, seier Hestad.

Sjølv om Hestad ser brannfaren som avblåst, ber han dei som ser ulming og røyk melde ifrå.

– Vi kan ikkje garantere at det ikkje er varmt i bakken nokre stader, men om det er det, så er det ikkje noko spreiingsfare, seier Jarl Hestad.

Brannen ulmer i terrenget på Kårtveit på Sotra

ULMAR: Slik såg det ut då det ulma i terrenget på Kårtveit på Sotra.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Framleis aktivitet i området

Sjølv om brannsløkkinga er over, vil det framleis vere aktivitet frå brannmannskap i området.

– Vi kjem til å vere synlege ei stund til, for vi må slepe ned alt utstyret vi har brukt for å sløkke brannen. Det vil framleis vere helikopter og brannfolk som jobbar med å rydde i området.

– Eg smiler. Dette betyr normaljobb og ikkje 24/7, seier han.