Hopp til innhold

Gjev opp draumen på Halsnøy

Dei hadde ein draum om vera sjølvberga, venegjengen som flytta til Halsnøy for å driva som økobønder. Men no er eventyret over, skriv avisa Kvinnheringen. Dei fire har bestemt seg for å flytta frå øya og selja gardsbruket. Livet som sjølvberga var ikkje mogleg å kombinera med eit stort landbrukslån, seier dei til Kvinnheringen. Dei ynskjer no å komma nærmare familien, og ser etter gard på Austlandet.