Dei legg julegåver på trappa di – og spring

MÅLØY (NRK) I år hjelper Tina Torskangerpoll og Marianne Pleym Refvik 42 familiar og 150 personar i Vågsøy til ei betre og hyggelegare jul.

Tina Torsangerpoll og Marianne Pleym Refvik

GJEVARAR: Tina Torskangerpoll og Marianne Pleym Refvik i «Pass it on» i Vågsøy.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei driv organisasjonen «Pass It On» i Vågsøy.

– Det er ein frivillig organisasjon som deler ut mat og gåver til familiar med dårleg økonomi, og som kanskje har vore i ein situasjon dei ikkje kjem seg å enkelt ut av, seier kvinnene.

NRK møter dei medan dei sorterer gåver utanfor ein leikebutikk i Måløy sentrum. På namnelappane står kjønn og alder som gåvene passar til.

Tidlegare i desember låg det mange namnelappar under juletreet som står i nærleiken.

– Folk kunne ta med seg ein av lappane og kjøpe julegåve etter alder og kjønn som stod på lappen, og legge gåva tilbake i ei kasse slik at vi kunne hente den og dele ut til rett barn, fortel Torskangerpoll og Pleym Refvik.

Organisasjonen køyrer rundt og deler ut til familiane som har behov for ei ekstra hand i jula.

Tina Torsangerpoll

SORTERER: Tina Torsangerpoll sorterer gåvene som skal ut til borna i Vågsøy til jul.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fleire enn vi trur

– Kor mange gjeld dette?

– Førre helg køyrde vi ut til 26 familiar, no i helga skal vi køyre til 16. Til saman dreiar deg seg om cirka 150 personar.

– Er det så mange i vårt nærområde som har dårleg økonomi?

– Ja, diverre. Men det er ikkje så lett å sjå dei.

– Kva tenkjer de om det?

– Det er trist, det var dette vi tenkte på då vi starta «Pass it on». Då var det stor flyktningekrise, og vi snakke om å hjelpe dei som vi har rundt oss og, og ikkje berre dei utanfor.

Ronny Hopland

GAV: Dagleg leiar Ronny Hopland og Jobbpartner i Måløy gav gåver til organisasjonen.

Foto: Erlend Blaallid Oldeide / NRK

Stikk av

Dei seier det har vore veldig kjekt å dele ut gåver og matvarer. Men fortel at dei ikkje er til stades når folk opnar døra.

For måten organisasjonen deler ut varene på, er litt spesiell.

– Vi kjem, legg gåvene og matvarene ved døra, ringer på og spring, smiler dei.

– Det skal ikkje vere ubehageleg for dei som tek imot gåvene. Dei skal ikkje måtte føle at dei må takke.

– Kor flinke har folk vore til å bidra?

Julegåver

GÅVER: Nokre av julegåvene som vågsøyværingane har gitt til aksjonen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kjempeflinke, for vi har klart å gje gåver og mat til alle familiane i tre år no. Det er til å bli glad av, og er vanskeleg å setje ord, seier Torskangerpoll.

Pleym Refvik fortel at ho sjølv har kjent på kroppen korleis det er å ha dårleg råd rundt juletider.

– Då vi flytta hit i 1999 så hadde ikkje mamma arbeid. Så vi hadde det tøft dei første åra før ho fekk seg ein skikkeleg jobb. Og eg tenkte, hadde dette tilbodet fanst då, hadde vi kanskje gleda oss endå meir til jul, seier Marianne Pleym Refvik.

VIDEO: Sjå innslaget i Vestlandsrevyen om gjevargleda i Vågsøy.