Hopp til innhold

Gjekk i tunnel – E39 mot Bergen stengt

Fleire tunnelar på E39 inn mot Bergen frå sør, vart stengt onsdag morgon. Årsaka var at ein person gjekk i Troldhaugtunnelen. Etter ein kort periode fekk politiet kontroll på den gåande, og vegen vart opna for fri ferdsel igjen.