Hopp til innhold

Gir ikkje opp å oppklare grovt ran i Balestrand

Politiet står framleis utan spor etter at ein eldre mann i Balestrand vart brutalt rana i mai.

Lensmann i Høyanger, Atle Førde.

HELD FRAM: – Vi held framleis fokus på ranssaka, seier lensmann i Høyanger, Atle Førde.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen i midten av 70-åra skal ha blitt slegen med ein gjenstand og var til legeundersøking etterpå.

Gjerningsmennene forsvann frå staden med eit mindre pengebeløp.

– Vi gir oss ikkje før vi har snudd alle steinar. Seinast i går var vi i Balestrand for å gjere nye undersøkingar, seier lensmann i Høyanger, Atle Førde.

Ingen mistenkte

Ranet vart oppdaga på føremiddagen søndag 20. mai då heimesjukepleien kom på besøk. I løpet av laurdagskvelden eller natta til søndag hadde dei ubedne gjestene kome seg inn i heimen hans.

Den eldre mannen bur åleine i huset i utkanten av Balestrand. Politiet står på bar bakke i etterforskinga . Ingen har vore mistenkte i saka.

– Vi har rutinemessig undersøkt åstaden og sikra moglege spor, vi har gjort avhøyr og rundspørjingar i området og avhøyrd folk som vi trur kan ha opplysningar, seier Førde.

Ynskjer tips i saka

– Det står att ein del analyser av dei tekniske undersøkingane vi har gjort. Diverre tek det litt tid, men vi håpar det kan gi oss spor, seier Førde og legg til at politiet framleis ynskjer tips i saka.

– Særleg dei første dagane meldte folk frå om observasjonar dei meinte det var rett vi visste om. Diverre har ikkje dette ført oss noko nærare oppklaring, seier han.