Hopp til innhold

Utan spor etter brutalt ran i Sogn

Politiet har så langt ingen konkrete spor etter gjerningsmennene som i helga brutalt rana ein eldre mann i sin eigen heim i Balestrand.

Tjuveri frå bustad, Balestrand

BRUTALT: Ranet av den eldre mannen i helga framstod som brutalt.

Foto: Robert Jan Leerink

Politiet har gjennomført rundspørjing i området, undersøking av åstaden og avhøyr, men har førebels ikkje kome noko nærare gjerningspersonane.

– Det er eit mindre pengebeløp som er vekke, men alvorsgraden ligg ikkje i pengane. Det er innbrotet og det vi skildrar som ran som er alvorleg, seier lensmann Atle Førde.

Fleire har teke kontakt

Det var laurdag kveld eller natt til søndag at mannen i 70-åra fekk ubedne gjester på besøk. Gjerningsmennene tok seg inn i huset og skal ha slått han med ein gjenstand. Mannen bur åleine i huset.

Politiet har bede publikum om tips, og Førde fortel at dei har fått fleire henvendingar frå publikum.

– Det er ein del som har teke kontakt og som ynskjer å bringe vidare observasjonar, utan at det har ført oss noko vidare, seier han.

Måtte til lege

Politiet har sett av store ressursar i etterforskinga. Ranet vart oppdaga søndag føremiddag då heimesjukepleien fann eit glasfelt i døra knust.

Mannen måtte i etterkant til legeundersøking.

– Vi jobbar kontinuerleg med saka både her og i Balestrand, og brukar ressursar på etterforskinga i håp om at noko dukkar opp, seier Førde.