Ho seier næringskomiteen er svært oppteken av det som skjer i Årdal, og fyrste prioritet er å ta ein runde til med Scan Wafer.
Held fast på å stengje omnane
Andre prioritet er å leggje politisk press på Hydro til å søke dispensasjon frå utsleppskrava slik at søderbergomnane i Årdal kan halde fram enno nokre år, seier Grande Røys. Men Hydro held fast på planane om å stengje dei eldste omnane ved metallverket i løpet av 2006. Utover dette vil ikkje leiinga i Hydro kommentere signala frå Statens Forureiningstilsyn - SFT - som seier dei kan vere villige til å gje Hydro i Årdal dispensasjon frå utsleppskrava.
Fleire småprosjekt
Knut Jevnaker i Årdal utvikling seier dei no har mellom 20 og 30 utviklingsprosjekt for ny etablering i Årdal uavhengig av Scan Wafer. Han meiner det er viktig å ta vare på den optimismen som var rundt om i bedriftene i Årdal før dette vedtaket.