Vi har gode og talentfulle juniorar, men kan ikkje leggje for stort ansvar på dei. Rutinerte spelarar som Bjarne Austereim, Vegard Hide Vågene og Rune Ommedal må ta ansvar i den unge spelarstallen, seier trenaren som sjølv står bokført med 600 seriekampar for Sandane
Stort fråfall
Ujamn stall med fråfall av sentrale spelarar som Peder Felde, Øystein Reikvam Hansen, Arild Horntvedt og Per Bernt Aske gjev minus i protokollen til Stig Nord, Stig Roger Eide og Geir Navarsete i ekspertpanlet. Nye habile trenarar i brørene Bjørn Atle og Geir Skaaden, samt unge lovande talent er på plussida. Eit stort minus set kretsleiar Geir Navarsete ved treningstiløva i klubben.
Sandanetrening på grusbana ved Firdahallen
Elendige treningstilhøve
Vi har dei verste vintertilhøva i heile 3.divisjon, seier Bjørn Atle Skaaden. Sandanetrenaren kan berre konstantere at divisjonskollegane med storhallar og kunstgrasbaner har stort føremon i vintertrening og kampar.
Glopparane har spelt nesten 20 treningskampar i sesongoppkøyringa, alle på bortebane. Laget har reist fylket rundt, frå Indre Sogn til Vågsøy og Sunnfjord i førebuingane til 2003-sesongen.
Haustlaget
Med fem sentrale spelarar som studentar i Sogndal og Bergen vert det lite samtrening og formasjonstrening på blåtrøyene før sommarferien. Dermed blir laget, tradisjonen tru, best i haustsesongen, meiner Skaadenbrørene.
Kornjuvelen
Mathias Eikenes ynskt av Sogndal
Mathias Eikenes, med fire G17-landskampar bak seg, frontar ungdomsprofilen i laget. Sogndal er meir enn intressert i stortalentet, og Eikenes har ved fleire høve spelt med juniorlaget i fruktbygda. 17-åringen satsar likevel på tredjedivisjonsfotball med Sandane denne sesongen.
Uviss Aske
Måltjuven Per Bernt Aske arbeider i Ullsteinvik, og har signalisert at han ikkje spelar vårsesongen. Det er også uvisst om han er aktuell etter sommarferien.
Samd i vurderinga
Både spelarar og trenarar er samd i vurderinga ekspertpanelet har gjort av sandanelaget. Bjørn Atle Skaaden reknar åttandeplassen som sannsynleg, og tek det som bonus om laget overrasker med betre plassering i den vanskelege generasjonsskiftesesongen.