Hopp til innhold

Usikker framtid for Geir Eithun

I dag kom nyheita om at Iver Horrem legg opp som sandvolleyballspelar. Det får konsekvensar for makkeren hans, Geir Eithun får Førde.

Geir Eithun

UTAN MAKKAR: Geir Eithun og Iver Horrem prøvde å komme seg til OL. Det gjekk ikkje, og no har Horrem bestemt seg for å legge opp.

Foto: FIVB

– For min del er det veldig usikkert. Eg vurderar vegen vidare.

Det fortel Geir Eithun. I dag vart det klart at hans makker, Iver Horrem, gjer seg som volleyballspelar.

Dei to har jobba for å nå OL i Rio, som startar på fredag. Det gjekk ikkje som duoen hadde planlagt.

– Det store målet var jo OL i Rio. Det startar no og vi er ikkje der, seier Eithun.

Eithun og Horrem

SLUTT: Eithun og Horrem har spelt sin siste volleyballkamp i lag.

Foto: www.cev.lu

Eithun og Horrem skal ikkje spele fleire kampar i sanden. Men tida med makkaren har han sett pris på, fortel Eithun.

– Eg har hatt fire veldig fine år med Iver. Eg set stor pris på tida med han, og må trekkje fram to høgdepunkt. Det er OL-kvaliken i 2012 i Tyrkia, og 5. plass i EM i 2014. Då vi slo Austerrike på heimebane.

Har vurdert å gi seg

No treng førdianaren litt tid på å bestemme seg for kor vegen går vidare.

– Korleis det blir volleyballmessig er veldig uklart. Eg tek meg litt ferie og vurderar dei alternativa som er der.

Og alternativ har han nok av, seier Eithun sjølv. Han fortel at han framleis ser for seg å halde fram med volleyball ei stund til, sjølv om han har tenkt tanken på å gi seg.

– Eg er 36 år gammal, og kan ikkje halde på i evig tid. Men eg har i nokon grad lyst til å halde fram. Både fordi eg ikkje følar meg heilt ferdig, samtidig som eg gjerne vil bidra inn mot dei som kjem etter oss.

Vurderar nye makkarar

Dersom han skal halde frå i sanden, må Eithun ha ein ny makkar. Han fortel at han har god kontroll over kven som er aktuelle. Og sjølv lanserer han to kandidatar.

– Eg har spilt litt med Lars Fredrik Tvinde (frå Førde journ. anm.), og har prøvd eit par turneringar med Kristian Sørum. Akkurat no skil dei to seg ut på fleire plan.

Tvinde og Eithun

NYTT PAR?: Geir Eithun og Lars Fredrik Tvinde er begge frå Førde. No ser Eithun på moglegheit for å danne eit par med Tvinde.

Foto: Elisabeth Viken/NIVB

Men han påpeikar at det ikkje berre er han sjølv som skal bestemme kven han eventuelt skal danne eit par med.

– Det er ikkje berre opp til meg kven som skal gå saman den neste tida. Mitt håp er uansett at eg skal kunne bidra inn mot den neste generasjonen. Kanskje kan dei erfaringane eg har gjort hjelpe dei vidare.