Hopp til innhold

Gasstanken i Bergen sikra – ikkje lenger eksplosjonsfare

Gasslekkasjen frå ein tank, som førte til at deler av Bergen sentrum måtte evakuerast, er no sikra. Arbeidet med å brenne av gassen held fram utover natta.

GASSTANK SIKRA: Det var dramatisk på Torget i Bergen, men eksplosjonsfaren er no over.

– Det var eit stort potensial i denne hendinga. Det dreier seg om halvannan tonn med gass og vi var livredde for at den plutseleg skulle byrje å blåse ut, seier innsatsleiar Hans Petter Nilsen i Bergen Brannvesen.

– Og det var det reell fare for. Det kunne gått skikkeleg gale, rett og slett.

Nilsen peiker på at tanken truleg har kome i bevegelse natt til laurdag. Då var det tusenvis av menneske akkurat her.

Eksplosjonsfare på Bryggen

FLAMME: Brannvesenet seier dei vil halde fram med å brenne av gassen gjennom natta til tanken er tom.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Dramatisk

– I utgangspunktet var det ganske dramatisk då vi kom ned her. Tanken hadde vridd seg 180 grader og ventilen var mot botnen, seier innsatsleiar Hans Petter Nilsen.

– Vi visste at når den nådde botnen ville den knekke og vi ville få ein stor lekkasje, midt her i Bergen sentrum.

– Så vi lagde ein plan for å få snudd tanken, men vi kom ikkje til. I staden måtte vi opne heile gatedekket. Etter ei god stund fekk vi dreidd tanken og så fekk vi stengt av ventilane, seier Nilsen.

Tanken heng no i stroppar og vi kjem til å brenne av gass gjennom kvelden og natta.

Gasslekkasje Torget, Bergen

SPERRA: Politiet sperra vegen ved Bryggesporen/Kjøttbasaren.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Slått alarm i 17-tida

Det var klokka 17.15 det vart slått alarm.

Politiet etablerte ein tryggingssone på staden. Dei ville ikkje at folk skulle bevege seg på Torget, Bryggen, Torgallmenningen eller i Strandgaten.

Alle i ein sone på 300 meter frå tanken vart evakuert. Folk som bur i husa i området slapp å flytte ut. Dei fekk likevel streng beskjed om å halde seg vekke frå vindauga.

SENTRUM STENGT AV: Delar av Bergen sentrum rundt Zachariasbryggen vart stengt av som følgje av eksplosjonsfaren.

Kontroll klokka 18.30

I 18.30-tida melde mannskapa på staden at dei hadde kontroll på situasjonen.

– Den siste oppdateringa vi har fått er at dei har oppheva evakueringa, seier Ole Jakob Hartvigsen, vaktkommandør i 110 Vest.

– Delar av Zachariasbryggen er likevel framleis stengt.

– Vi har ein tankbil som er på veg frå Haugesund. Vi vil får overført gassen frå tanken til denne bilen, om det let seg gjere, seier Hartvigsen.

Torget opna for trafikk

Fylkesveg 577 over Torget var stengt i ein periode, men er no opna igjen for trafikk.

Reisande med buss må likevel rekne med ein del venetid på fleire av rutene ut over kvelden.