Hopp til innhold

Rapport om kjøkken på sjukeheim førte til varslar-krangel og søksmål

Ein rådgjevar blei sjukmeld etter å ha laga rapport som gjekk i mot politikarane sitt ønskje om å bygga sjukeheimskjøkken. No krev ho erstatning og oppreisning.

Birthe Eriksen, advokat

ADVOKAT: Birthe Eriksen representerer saksøkaren. Ho meiner å kunne bevise at det er ein fryktkultur i Voss herad.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ein tidlegare rådgjevar for ernæring i Voss herad har stemna kommunen for Bergen tingrett.

Bakgrunnen: Ein rapport om det skulle bli bygd kjøkken på sjukeheim i kommunen.

Ho meiner ho har blitt utsett for ein «massiv gjengjeldelses- og utstøtelsesprosess» etter å ha lagt fram ein fagrapport til politisk behandling.

Ifølgje stemninga skal ho ha varsla om tilhøva ei rekkje gongar.

– Ho har vore sjukmeld i fleire periodar som følge av behandlinga ho har vore utsett for i etterkant av desse kritiske ytringane, seier advokat Birthe Eriksen.

Voss herad tilbakeviser skuldingane, og meiner det er snakk om ei personalsak og ikkje ei varslingssak.

Bedt om å endre faglege innspel

Det begynte med at kvinna våren blei 2018 tilsett som kostøkonom i Voss kommune. Jobben var å levere ei fagleg utgreiing av kostnadar knytt til å bygge og drifte kommunale kjøken på sjukeheimar.

Året etter leverte rådgjevaren ein rapport der ho slo fast at det å bygge kjøkken ville bli svært dyrt.

Så begynte problema, ifølgje stemninga. Rapporten blei lagt fram for ei gruppe folkevalde i kommunen.

Dei skal ikkje ha likt konklusjonane hennar, og etter dette skal ho ha blitt utsett for press frå eigne sjefar om å endre på innhald i rapporten.

Rådgjevaren nekta å endre dei faglege innspela, og tok det ho oppfatta som kritikkverdige forhold opp med leiarar og tillitsvalde i ulike ledd i administrasjonen. Fordi ho opplevde at dette ikkje førte fram, tok ho til slutt opp saka i kontrollutvalet til kommunen.

– Ho meiner det er heilt greitt om politikarane kjem med ei anna innstilling enn hennar tilråding, men det går på integriteten laus om ho blir tvungen til å levere og stå inne for ei utgreiing som ho meiner ikkje er forsvarleg, seier Eriksen.

Nytt kjøkken Vetleflaten- Voss

PROSJEKTERT: Dette er eit av dei to sjukeheimskjøkkena Voss herad har vedteke å bygge. Kvinna som meiner ho er varslar laga rapport som fråråda løysinga.

Foto: BRUKET arkitektur

Varsla om maktmisbruk

Kvinna meiner ho varsla om fleire forhold, ifølgje stemninga:

«maktmisbruk, brudd på kommuneloven § 13-1, brudd på flere bestemmelser i arbeidsmiljøloven, brudd på Voss herads etiske retningslinjer og på grunnleggende prinsipp for heradets styringsmodell/brudd på arbeidsgivers aktivitetsplikt ved mottak av varsler.»

Etter varslinga skal ho ha blitt møtt med eit «mønster av negativ behandling ignorering, avvisning, sanksjonering og til slutt utstøtelse», ifølgje stemninga. Dette skal også ha halde på då ho blei sjukmeldt.

Vidare blei arbeidsoppgåvene hennar endra.

Rådgjevaren meiner at politikarane blandar seg for mykje opp i kva administrasjonen leverer når dei utarbeider rapportar.

– Når ho forsøker å formidle konsekvensar av at politikarane leikar administrasjon, blir ho ignorert og så vidare. Det er kjempealvorleg at dei ikkje klarer å halde rollene frå kvarandre, seier Eriksen.

Opplevde det som «krigssone»

Saksøkar «opplevde sin arbeidsplass som en «krigssone» som hun måtte redde seg bort fra», skriv advokaten i stemninga. Saka skal også ha gått utover kollegaane til kvinna.

I dag er rådgjevaren på arbeidsavklaringspengar og har flytta nærare Bergen for å bu hjå foreldra for å klare seg økonomisk etter tap av inntekt og for å kunne finansiere rettssaka.

– Saka er utruleg trist for varslar, for heile kommunen og innbyggarane, at det ikkje går an å ha open dialog om vanskelege, kritiske forhold som lovgjevar føreset at skal vere mogleg, seier Eriksen.

Birthe Eriksen, advokat

KRITISK: Advokat Birthe Eriksen meiner saka er eit døme på ein ukultur i Voss herad.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Vil avdekke «fryktkultur»

Advokaten meiner saka viser at det er ein «fryktkultur» i Voss herad.

– Det vi har vore vitne til er øyredøyvande passivitet. Det synest å vere ein kultur med lite openheit og stor frykt for å komme med kritiske ytringar, seier Eriksen.

– Kva bevis har de for at det er ein fryktkultur i Voss herad?

– Det er noko vi må komme tilbake til. Vi har vitne i saka. 10-15 personar på Voss har teke kontakt med meg og gitt uttrykk for lette og glede for at nokon endeleg forsøker å ta hol på verkebyllen som mange opplever har vakse seg fram på Voss, seier Eriksen.

No tek dei saka til retten fordi dei ikkje får til nokon dialog med motparten.

– Det er ingen som helst indikasjon på at dei ønskjer å rydde i saka og ta omsorgsansvar for ein arbeidstakar som er sjuk av heile situasjonen, seier Eriksen.

Vi har ikkje sett nokon bevis for at det skal eksistere nokon fryktkultur i Voss herad,

Frode Lauareid, advokat for Voss herad

Kommunen avviser all skuld

Voss herad avviser alle skuldingane, opplyser advokat Frode Lauareid.

– Det er ikkje grunnlag for dette søksmålet. Kommunen kjem til å be seg frikjent, seier han til NRK.

Kommunen har frist til 13. november på å komme med tilsvar til stemninga. Advokaten avviser at det er snakk om ei varslingssak.

– Ho er tilsett i Voss herad og kommunen følgjer ho opp som tilsett. Det er perspektivet til kommunen på det, seier han.

– De avviser både at det skal dreie seg om varsling og at ho skal vere dårleg behandla?

– Ja. Det er ikkje grunnlag for det. Kommunen har ikkje gjort nokon feil i oppfølginga av ho, i alle fall ikkje slike feil som får rettslege konsekvensar.

Frode Lauareid

AVVISER ALT: Frode Lauareid er advokat for Voss herad.

Foto: Privat

Advokaten vil ikkje gå inn på kor vidt saksøkaren vart pressa frå politisk hald om å endre på den faglege utgreiinga si, eller nokon andre detaljar i stemninga.

– Eg vil ikkje drive førehandsprosedyrar i media, av respekt for rettssystemet, seier Lauareid.

Avviser fryktkultur

Han avviser vidare at det er nokon fryktkultur i kommunen.

– Vi har ikkje sett nokon bevis for at det skal eksistere nokon fryktkultur i Voss herad, seier advokaten.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) stadfestar overfor NRK at politikarane har blitt informert om saka. Han viser til at dei ikkje held i det når dei ser på det som ei personalsak.

Han har ikkje sjølv vore i det politiske arbeidsutvalet som fekk sjå rapporten til rådgjevaren, men seier det har lege i korta lenge at kommunen har ønska å få på plass sjukeheimskjøkken att.

Heradsstyret fekk i sommar ei ny utgreiing frå rådmannen, og vedtok i august å bygge to sjukeheimskjøkken.