Hopp til innhold

Om berre fem år må du ha sikra deg DAB for å kunne høyre radio

Når FM-radionettet blir slått av i 2017, kjem det til å bli stilt i mange bilradioar. Alle må nemleg ha såkalla DAB-radio for å kunne høyre på sin favorittkanal.

DAB i bil

DAB-RADIO I BIL: I dei fleste nye bilar er DAB-radio ekstrautstyr.

Foto: NRK

Men ikkje nok med det, ein del av dei eldste DAB-modellane kan også vere ubrukelege.

I 2011 blei det seld om lag 175 000 person- og varebilar. I dag er det berre Volkswagen og Skoda som har DAB som standardutstyr. I andre bilar må du kjøpe det som tillegg.

Om fem år er FM-bandet historie og radiosendingane blir då sende digitalt. Likevel sikrar ikkje ein vanleg DAB-radio deg lyd på bilradioen. Mest truleg må ein ha DAB+ for å kunne lytte til radio.

Trur DAB er DAB

Rune Buanes hos Ice Audio i Førde har berre ein DAB-modell for bil som vil takle alle komande endringar i radionettet.

– Mange trur DAB er DAB, men den gamle versjonen vil forsvinne og bli erstatta med DAB+.

Bilstereoforhandlaren har hatt fleire kundar innom med den første DAB-modellen som no føler dei har kjøpt katta i sekken.

– Dei får ofte ein annan hudfarge og så lurer dei på kva det kostar å skifte til nyare modell.

  • LES OGSÅ:
  • LES OGSÅ:

Angrar på kjøpet

Den nye bilen hjå Wolksvagen-forhandlar Berge i Førde har det siste nye av utstyr.

– Denne radioen har veldig god lyd. Det er som å høyre på ein CD, seier teknisk leiar Stian Sølvberg.

Men dei færraste kundane er opptekne av den nye teknologien, sjøl om dei får ei del spørsmål om bilradio.

– Folk er opptekne av at dei skal ha ein god radio, seier han.

Ein av dei som angrar litt på kjøpet er nettopp den tekniske leiaren hjå bilforhandlaren.

– Det var ikkje anna alternativ enn DAB då eg kjøpte, så det er litt irriterande at eg kan miste radiokanalane ved ein overgang til DAB+.

– Ikkje stille over natta

Men hjå digitalradio Norge, som har ansvar for at overgangen til digitalradio går smidig for seg, så trur dei at det vil kome lyd frå alle radioane i 2017.

– Viktige og store kanalar vil sendast på DAB ei god stund enno, det vil ikkje bli stille over natta. Men overgangen kan bli annleis for mindre kanalar, seier marknadssjef Jarle Rud.

Dermed er det ingen grunn til panikk, sjølv om det nok vil ta tid før det blir verkeleg etterspurnad etter den nyaste radioteknologien.

– Eg tenkjer panikken kjem eit halvt år før FM-nettet blir slege av. Eg vil tru det blir storinnrykk då, ja, seier Rune Buanes som sel bilstereo.