Hopp til innhold

Gamle avløpsanlegg kan bli pengesluk: Ove må ut med hundretusenar

13 prosent av dei norske hushaldningane er ikkje knytte til eit kommunalt avløpsanlegg. Eit gammalt anlegg kan koste deg dyrt.

Med tre hus på garden kan Ove måtte koste store summar i avløpsanlegg

NYTT ANLEGG: Frå før hadde Ove fått montert eit reinseanlegg på eit av dei tre husa på garden, to hus står att med gammalt anlegg.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

I 2019 la Klima- og miljødepartementet fram nasjonale føringar om å få stell på norske avløpsanlegg.

Det er dårleg nytt dersom avløpsanlegget på huset ditt er eldre enn 2007.

– Det vil bli svindyrt for å seie det mildt, seier ein oppgitt Ove Myrmel.

Nyleg fekk han og 50 naboar melding frå Sunnfjord kommune om at avløpsanlegga deira ikkje lenger er godkjende. Beskjeden kom «som ei bombe» i grendelaget, ifølgje lokalavisa Firda.

Grenda hamna øvst på lista til kommunen fordi vasskvaliteten til ein bekk i området var av dårleg kvalitet. Dette i tråd med retningslinene til departementet.

Ifølge tal frå SSB er 87 % av Noregs befolkning kopla til eit offentleg avløpsnett. For dei resterande 13 % kan det bli dyrt dersom avløpsanlegga ikkje står til dagens krav.

– Eg trur nokon har vedteke noko og ikkje sett konsekvensen av kor hardt det vil ramme økonomisk, seier Myrmel.

Gjennom dyrkamarka renn elva Løyken

TIDLEG UTE: – Alle anlegg eldre enn 15 år fekk trekt utsleppsløyve og me må no lage felles løysingar. Noko som vert ekstremt dyrt, fortel Myrmel.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Ansvaret ligg hjå forureinar

Det er kommunane sjølve som må følge opp utsleppa frå avløpsanlegg. Dei nasjonale føringane seier at innsatsen bør prioriterast der elvar og vassførekomstar er forureina.

Det er forureinar sjølv som må dokumentere at reinseløysinga oppfyller forskriftskrav til reinsing, seier Cecilie Kristiansen.

Kristiansen er seksjonsleiar i hav- og industriavdelinga hjå Miljødirektoratet.

Kommunen kan som forureiningsmyndigheit trekke tilbake utsleppsløyva. Men ikkje alle er underlagt like strenge krav, fortel ho.

Forskrifta stiller ulike krav til reinsegrad for utslepp.

Altså, kan du sleppe lettare frå det dersom omgivnadane dine er av den meir hardføre sorten. Eller om du kan dokumentere at ditt eldre anlegg gjer jobben godt nok.

Ikkje sikkert at alt må rehabiliterast

Det er ikkje slik at alle anlegg eldre enn 2007 må sanerast.

– Det går på kva type anlegg det er og om dei fungerer. I Sunnfjord vil det i første omgang vere om lag 500 avløpsanlegg vi må sjå nærare på, seier kommunalsjef for teknisk og miljø, Jan-Inge Hage.

Dersom alle dei spreidde husa skulle koplast til eit kommunalt anlegg, hadde det blitt dyrare ifølge Hage.

– Erfaringsmessig er det eit stort etterslep når det gjeld å få orden på eldre avløpsanlegg i heile landet, seier Anette Heggøy, overingeniør hjå Statsforvalteren i Vestland på forureiningsseksjonen.

Berre i Vestland fylke er det om lag 54 000 små avløpsanlegg. Å følge opp alle desse og få oversikt over tilstand er svært ressurskrevjande for kommunane, fortel Heggøy.

Ho minner om at kommunane må passe på å likebehandle når dei har tilsyn med avløpsanlegga.

– Dersom ei husstand får pålegg om å oppgradere avløpsanlegget og naboen har ein tilsvarande løysing må sjølvsagt også naboen få eit tilsvarande krav slik at ein ikkje forskjellsbehandlar.

Tvungen påkopling

– Vi veit at mange kommunar rundt i landet tek dette grepet og underkjenner dei private anlegga og tvinger fram påkopling av offentlege anlegg, fortel Jan Erik Mardal, distriktsleiar i Huseiernes Landsforbund.

Han fortel at det ikkje bør ha særleg å seie for verdien av bustadane men dersom det ligg eit slikt hefte ved bustaden vil det vere noko ein kjøpar vil måtte ta høgde for.

– Det tel ofte positivt for ein kjøpar at ein bustad allereie er kopla til eit kommunalt avløpsanlegg konkluderer han.

Jan Erik Mardal, Huseiernes Landsforbund, avd. Sogn og Fjordane

DYRT: – Dette er ein kostnad som huseigarar blir påført oppå alle andre kostnadar som avgifter og høgare levekostnadar, seier Mardal.

Foto: Pressefoto