Hopp til innhold

Gaming kan vera ein døropnar for unge

Nav oppfordrar unge arbeidslause til å føra opp gaming på CV-en. No varslar regjeringa at ho vil løfte fram dataspel som læringsarena.

Elevar ved e-sportlinja på Sunnfjord folkehøgskule.

SOSIALT: Elevane på e-sportslinja ved Sunnfjord folkehøgskule gamar ilag.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

Då Kim Brurok Stokkeland konkurrerte på høgt nivå i e-sport, var rolla hans å hjelpa dei andre på laget til å prestera bra.

No brukar han gamingerfaringa i jobben som sosionom og spelpedagog i Jobloop i Bergen.

For Kim er dataspel ein måte å hjelpa ungdom å læra, på ein plattform dei kjenner og som motiverer.

Kim Brurok Stokkeland og Rob Singleton på Halo turnering i London i 2018.

Lagkamerat Rob Singleton og Kim Brurok Stokkeland på Halo-turnering i London i 2018.

Foto: Joe Alfred Stephens / EFG

Må sjå verdien i spel

Tre av fire unge mellom 10 og 18 år speler dataspel, viser ein rapport frå Medietilsynet.

Speling er den mest utbreidde fritidsaktiviteten blant unge.

Men dataspel kan også nyttast som eit pedagogisk verktøy, både til sosial og fagleg læring.

I Jobloop har Kim vore med å starta Gamify, ein alternativ læringsarena tilpassa elevar som står i fare for å falle utanfor skulesystemet. I samarbeid med gamingsenteret Playwell i Bergen tilbyr Gamify læring gjennom spel for unge.

På Playwell driv også Jobloop prosjektet LearnWell, som hjelper elevar som møter utfordringar i vidaregåande opplæring med å finna ut kva dei er gode i, og utvikle kreative interesser, til dømes innan programmering, fotoredigering og gaming.

Det handlar om å møta unge der dei er og motivera dei via plattformer dei er trygge på.

– Det er mange som tenkjer at dei ikkje har erfaring som er interessant for ein arbeidsgivar, men viss du har spelt onlinespel som krev samarbeid, strategi og kommunikasjon, så har du relevant erfaring å setja på CV-en, meiner Kim.

Leiaren i Gamify Bergen speler League of Legends.

– Første steget er aksept. Me må akseptera at alle speler og at det ikkje berre er negativt, meiner Kim. Siste året har han teke vidareutdanning i spelpedagogikk på HVL, eit emne retta mot dei som vil bruke spel i skulen.

Foto: Alvilde Flaa / NRK

– Stort samfunnspotensial, meiner kulturministeren

Kultur- og likestillingsdepartementet ser på dataspel som eit verktøy og verkemiddel som berre vert viktigare framover.

I løpet av 2023 legg dei fram ein ny dataspelstrategi med nye satsingsområde innan gaming.

I ein e-post til NRK skriv kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen at ho ynskjer å løfta fram ein inkluderande og tilgjengeleg dataspelkultur.

– Dataspel er ein kulturberar, ein drivar for innovasjon og næring, ein arena for læring og meistring, og ein base for verdifulle fellesskap på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Spelifisering og læring gjennom spel er ein aukande trend, og vert stadig meir brukt, både i undervisning og i arbeidslivet.

Norges kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Trettebergstuen dreg fram Minecraft i matteundervisninga og det norske spelet Mitt barn Lebensborn som viktige læringsressursar.

Foto: Amalie Bernhus Årtun / NRK

Set gaming på CV-en

Bemanningsbyrået Manpower har utvikla ei side kor du kan teste eigenskapane du har fått via gaming og kva for nokre arbeidsplassar kompetansen kan passa til.

Arbeidsgivarar kan altså dra nytte av at søkjaren har gamingerfaring.

Nav oppfordrar unge arbeidslause til å føra opp gaming, eller det dei kallar «spelkompetanse» på CV-en.

Ane Grythe, redaktør i NAV Jobblyst

Redaktør i Nav Jobblyst Ane Grythe oppfordrar unge til å setja gaming på CV-en.

Foto: NAV

Speling kan læra deg å meistra stressande situasjonar, koordinera eit lag med fleire spelarar og samarbeida under press.

– Gjennom gaminga lærer du å planleggja og å følgja ein strategi for å nå måla dine. Du har god teknologisk innsikt og lærer raskt, og er god på å handtera fleire oppgåver samstundes, meiner Ane Grythe i Nav Jobblyst.

Språk speler òg ei viktig rolle, særleg engelskkunnskapane og øvinga i å kommunisera med andre som har eit anna språk og kultur enn ein sjølv.

gamingskjerm og mikrofon

Elevane strøymer når dei spelar og pratar med andre, stort sett på engelsk.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

Sosial arena for læring

I eit klasserom på Sunnfjord folkehøgskule sit fleire titals elevar framfor kvar sin PC-skjerm i det stille.

Elevar ved e-sportlinja på Sunnfjrod folkehøgskule

Utanom eit frustrert utrop innimellom høyrer ein berre summinga frå datamaskiner og klikking av tastatur i klasserommet til elevane ved e-sportslinja på Sunnfjord folkehøgskule.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

Elevane på e-sportslinja sit i djup konsentrasjon. Ved første augekast ser det ikkje så sosialt ut.

Men elevane speler på lag og løyser stressande situasjonar saman, i spel som Counterstrike, Valorant og League of Legends.

– Ein lærer å jobba saman med andre. For eksempel å ta i mot og å gje beskjedar i eit team, fortel Edvard Løken Ova frå Oslo.

Både han og klassekamerat Syver Flem frå Ålesund søkte e-sportslinja for å vera meir sosiale i gaminga.

Dei ser begge for seg at gaming vert med dei vidare. Syver drøymer mellom anna om å bli caster, altså ein e-sportskommentator, medan Edvard vil jobbe med IT.

– Eg har alltid likt å spela, men er også veldig glad i å vera rundt folk og ville vera det meir, fortel Syver.

Elevar ved e-sportlinja på Sunnfjord Folkehøgskule
Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK