Hopp til innhold

– Geniforklart i 2020, no meiner folk vi er idiotar

Fleire kommunar gambla på at sal av kraft skulle gi dei gode inntekter. Kraftkommunen Høyanger har tapt 45 millionar kroner på å selje til fastpris.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger (Ap)

Høyanger kommune gjekk for fastpris framfor spottpris på konsesjonskrafta si. Det vart ein kostbar avtale. – Det er veldig tungt, seier ordførar Petter Sortland (Ap).

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

I mai 2021 gjorde politikarane i Høyanger ein avtale som skulle koste dei dyrt. Då valde dei å selje konsesjonskrafta si til fastpris i staden for til marknadspris.

– Vi har brukt 10 år på å bygge opp eit disposisjonsfond på 45 millionar. No forsvinn det «over natta». Det er veldig tungt. I verste fall taper vi endå meir, seier ordførar Petter Sortland (Ap).

Konsesjonskraft er det dyrebare «arvesølvet» til norske kraftkommunar, som dei står fritt til å selje for å skaffe seg ekstra inntekter (sjå faktaboks).

I 2021 gjorde norske kraftkommunar ulike val; anten å selje krafta til marknadspris eller fastpris. Avtalane gjeld for eitt år.

Sortland fortel at han vart geniforklart i 2020 då fastpris var det mest lukrative.

– No meiner folk vi er idiotar, seier Sortland og sukkar.

Sortland fortel at dei økonomiske tapa kan føre til at vedlikehald av kommunale bygg må utsetjast.

– Angrar du bittert på at de ikkje gambla på spottpris?

– Nei, dette er etterpåklokskap. Vi har hatt behov for tryggleik og har difor ikkje spekulert.

Ordfører Ivar Kvalen (Sp) i Luster kommune

I Luster kjem ei velfylt kommunekasse innbyggjarane til gode. – Utan kraftpengane kunne vi gløymt desse planane, seier ordførar Kvalen (Sp).

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Tente 80 millionar

Men ikkje alle kommunar har tapt pengar på å selje krafta si. Kommunane som valde å selje til marknadspris har gjort god butikk.

Lenger inne i Sognefjorden, i Luster, kikkar ordførar Ivar Kvalen (Sp) ut vindauget.

Bratte fjell og fossefall har det siste året gjeve kommunen med 5000 innbyggarar meir enn 150 millionar kroner i inntekter.

Det er 80 millionar kroner meir enn dei budsjetterte med.

Årsaka er ei avgjerd kommunepolitikarane tok i desember 2021.

Då gjekk kommunen for marknadspris framfor fastpris på konsesjonskrafta dei sel.

– Eg er glad vi gjekk for spottpris, seier ordføraren.

– Det var rein gambling?

– Kanskje, men det er like mykje gambling å satse på fastpris.

Forklaringa er differansen mellom områdeprisen og systemprisen (sjå faktaboks). Når differansen vert stor nok, må kommunen i praksis betale for kvar kilowatt dei sel.

Kommunesenteret Gaupne i Luster

LUSTER: Bratte fjell og fossefall har det siste året gjeve kommunen med 5000 innbyggarar meir enn 150 millionar kroner i inntekter.

Foto: Framtidsfylket

– Eit system i ulage

– Dei store variasjonane i straumpris viser at heile systemet er i ulage, seier Torfinn Opheim, som er leiar i Landssamanslutninga for norske vasskraftkommunar.

Opheim har vore i dialog mange kommunar frå Midt-Noreg og nordover som fortel at dei taper pengar på sal av kraft. Årsaka er at dei har inngått avtaler om fastpris.

Medan dei resterande kraftkommunane tener til dels store pengar på kraftsal.

– Både dei kommunane som vinn og dei som taper på sal av kraft ønskjer seg tilbake til ein meir føreseieleg situasjon, seier han.

Vurderte fastpris

Suldal i Rogaland har berre 1600 innbyggjarar, men er Noregs største kraftkommune.

Her har inntekta på sal av konsesjonskraft sprengd alle grenser.

– Førebelse tal viser at vi kjem over 150 millionar kroner. Kanskje blir det ein god del meir, seier ordførar Gerd Helen Bø (Sp).

Ho er glad dei «gambla» på spotmarknaden.

– Etter eit dårleg år i 2020, vurderte vi å gå over til fastpris, men heldigvis gjorde vi det ikkje, seier ho.

I kraftkommunen Eidfjord ved Hardangerfjorden har dei og fått gode ekstrainntekter frå sal av straum. Kommunen har fått eit overskot på 18 millionar kroner.

I Eidfjord sentrum er folk glade for at pengane kjem innbyggjarane til gode.

– Eg synest kommunen brukar pengane bra. Dei har pynta det fint opp i sentrum, seier Hans Litlatun.

Gisella Vinge.

I Eidfjord er folk glade for at kommunen tener godt på sal av straum. – Eg synest det er viktig å bruke pengar slik at trivselen aukar for oss som bur her, seier Gisella Vinge.

Foto: Tale Hauso / NRK

Bygde stort badeanlegg

Attende i Luster kjem ei velfylt kommunekasse innbyggjarane til gode.

Lustrabadet til 100 millionar kroner er i stor grad bygd på kommunale kraftpengar.

No vurderer politikarane å bruke 30 millionar kroner på eit nytt bygg til Arbeids- og treningssenteret, eit tilbod til folk som treng ein tilrettelagt arbeidskvardag.

Nokre år fram i tid kan også eit nytt helsehus til 300 millionar kroner vere på plass.

– Utan kraftpengane kunne vi gløymt desse planane, seier Kvalen.