Hopp til innhold

Fyrte i peisen i ikkje-busett hus – brannvesenet rykte ut

Ved 23.20-tida måndag kveld rykte politiet og brannvesenet ut til Michael Krohns gate i Bergen. Dei hadde fått melding om at det var mogleg at det brann i eit hus det kom røyk frå.

– Det var ikkje nokon brann der, seier operasjonsleiar i politiet, Tore André Brakstad.

Det viste seg at røyken kom frå eit ikkje-busett hus. Der var det nokon som hadde teke seg inn og fyrt i peisen.

– Det var ingen eld på staden, utover den i peisen.