Hopp til innhold

Skota mot politistasjonen: Minst seks hol i fasaden

Politiet har enno ingen mistenkte etter at det vart fyrt av skot mot ein politistasjon i Bergen.

Seks hol i fasaden på politistasjonen i Åsane i Bergen.

Nye bilete viser seks markerte hol i fasaden på politistasjonen i Bergen.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Torsdag føremiddag oppdaga politiet fleire hol i fasaden på politistasjonen i Åsane i Bergen.

Stasjonen vart sperra av og det vart etter kvart avklart at hola kom frå våpenskot.

Det var funne fleire prosjektil frå eit våpen inne i bygget.

No har politiet delt to av dei første bileta som vart tatt på staden etter at kulehola vart oppdaga.

Vindauga

Slik såg det ut inne på politistasjonen etter at nokon avfyrte skot.

Foto: Politiet

Slik såg det ut inne på politistasjonen etter at nokon avfyrte skot.

Foto: Politiet

Minst seks hol i fasaden

Nye bilete av politistasjonen i Åsane viser minst seks hol i fasaden på bygget.

Krimteknikarar er på staden også fredag for å gjere undersøkingar og leite etter prosjektil.

Politiet har allereie stadfesta at det er snakk om minst fem skothol.

På fasaden fredag har dei markert minst seks hol.

Åsane-kulehull-081223
Åsane-kulehull-081223
Åsane-kulehull-081223

Klar meining om våpen

Politiet har ein klar meining om kva for eit våpen som vart brukt då det vart fyrt av skot mot stasjonen, fortel politiadvokat Jørgen Henriksen i Vest politidistrikt.

– Kripos stadfesta ganske raskt etter dei såg prosjektila kva for eit våpen det var snakk om, seier han.

Han vil ikkje kommentera kva for eit våpen det er snakk om av omsyn til etterforskinga.

– Me vil ikkje risikera å påverka vitne som kan gi oss viktig informasjon i saka, seier han.

I morgontimane gjekk alarmen på politistasjonen nord i Bergen.

Då politiet kom på jobb, oppdaga dei fleire hol i vindauga på fronten av politistasjonen.

Politiet har funne prosjektil på staden og meiner at nokon har skote mot stasjonen.

Onsdag kveld høyrde fleire naboar høge smell. Eit større område rundt stasjonen blei sperra av.

Åsane politi

Minst fem vindauge har skadar. Bak vindauga er kontorlokale, gangar og eterom.

åsane politistsjon

I tillegg til området rundt stasjonen, har politiet sperra av ein liten skog like ved.

Dei veit ikkje kor skota har kome frå.

Har ingen mistenkte

Det er ingen arresterte eller mistenkte i saka, fortel Henriksen.

– Me jobbar ut ifrå ulike teoriar, men me vil ikkje seie noko meir om det på noverande tidspunkt, seier han.

Bilde av kulehull, første patrulje på stedet
Foto: Politiet

Politiet går no gjennom opptak frå overvakingskamera som tilhøyrer bedrifter og butikkar i nærleiken.

Les også Skot mot politistasjon i Bergen: Politiet ønsker kontakt med bilførarar med dashbordkamera

Skudd mot politistasjon i Bergen

I tillegg har dei fått tilsendt nokre videoar frå dashbordkamera frå bilar som har vore i nærleiken.

– Me jobbar ut ifrå ein teori om at skota har blitt fyrt av ein gong mellom klokka 19 tysdag og 01:30 onsdag, seier Henriksen.

Politistasjonssjefen: – Redsel blant tilsette

Torbjørn Mørk er politistasjonssjef ved stasjonen som det vart fyrt av skot mot.

Han seier han ikkje er kjent med noko tidlegare trugslar eller hendingar som kan knytast opp mot skota.

Ifølge han er dei tilsette prega av det som har skjedd.

åsane politistasjon

Mørk seier dei tilsette reagerer ulikt og at dei som treng det blir følgd opp.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Det er klart ein blir påverka når det blir fyrt av skot mot arbeidsplassen sin. Det er eit alvor der, og sjølvsagt frykt og redsel knytt til det, seier han.

Dei tilsette er i dag på eit møte ein annan stad i byen. Møtet var planlagd lenge før hendinga onsdag.

– Det er uvisst når stasjonen opnar igjen. Ein må nesten sjå an kva som skjer i etterforskinga, seier han.