Hopp til innhold

Fylket får 103 millionar

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 103,5 millionar kroner ekstra til regional utvikling i neste års statsbudsjett. Også Førdefestivalen er blant dei som kan glede seg over solid auke i statleg støtte.

Liv Signe Navarsete.

LETTAR PÅ SLØRET: Liv Signe Navarsete lovar meir pengar til regional utvikling i statsbudsjettet.

Foto: unknown / SCANPIX

– Vi har ei ordning med midlar til regionalutvikling. Og i statsbudsjettet for 2011 føreslår regjeringa 2,8 milliardar kroner ekstra. Sogn og Fjordane fylke vil få 103, millionar kroner av dette, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete til NRK.

Skal fremje vekst

Midlane skal brukast til å leggje til rette for busetnad og verdiskaping. Ein del av midlane vil truleg bli fordelt av Innovasjon Norge.

– 18,5 millionar kroner vil bli sett av til kommunale eller regionale næringsfond, seier Navarsete.

Målet er å få fart på næringssvake område av fylket.

Meir til Førdefestivalen

Lovnaden frå Navarsete er ikkje den einaste lekkasjen som er komen i forkant av statsbudsjettet som formelt blir lagt fram tysdag klokka 10.

Bård Vegard Solhjell, parlamentarisk leiar i SV, seier til avisa Firda at Førdefestivalen no ligg inne med 630.000 kroner meir i støtte. Festivalen som har status som såkalla knutepunktfestival, fekk over fjorårets statsbudsjett 4 millionar kroner i stønad.